Investeringar i Forsvaret:

Stortinget har fått investeringsproposisjonen

Regjeringa har bede om Stortingets godkjenning til å starte opp fleire investeringsprosjekt. Investeringsprosjekta er òg omtalt i budsjettproposisjonen og i langtidsplanen for Forsvaret.

Forsvarsmininster Frank Bakke-Jensen
Forsvarsmininster Frank Bakke-Jensen. Foto: Ole-Sverre Haugli, Forsvaret

Proposisjonen har følgjande innhald:

Godkjenning av kostnadsramme for tre nye eigedoms-, byggje- og anleggsprosjekt: Fornying og forbetring av infrastruktur, vern og sikring på Evenes (til saman om lag 1,140 milliardar kroner) og energisparing på Haakonsvern (om lag 650 millionar kroner)

Godkjenning av kostnadsramme for nye materiellprosjekt: Tre nye skip til Kystvakta (om lag 6,8 milliardar kroner), ingeniør- og bruleggingspanser (til saman om lag 1,45 milliardar kroner), hand- og avdelingsvåpen (til saman om lag 600 millionar kroner) og lastebilar (om lag 2 milliardar kroner)

Investeringsproposisjonen skal etter planen handsamas av Stortinget i juni.

Les eller last den ned her: Prop. 66 S (2017–2018)

Til toppen