Historisk arkiv

Strengare krav til dyrevelferd i pelsdyrnæringa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matdepartementet har i dag vedtatt reglar som forbyr gruppehald av mink med mindre gardbrukaren deltek i eit særskilt dyrevelferdsprogram. Mattilsynet skal treffe vedtak om deltaking i programmet og føre tilsyn med korleis programmet blir etterlevd. Reglar for dyrevelferden i pelsdyrhaldet blir innskjerpa.

– Næringa har lagt fram eit utkast til dyrevelferdsprogram, som har vore ute på høyring. Det må gjerast visse endringar i dette før det kan godkjennast, Dette vil eg ha dialog med næringa om, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

– Næringa har foreslått at Norges Pelsdyralslag skal avgjere om krav til deltaking i dyrevelferdsprogrammet er oppfylt. Eg meiner det må vere Mattilsynet som skal treffe vedtak om deltaking i programmet, seier Dale.

– Mattilsynet må også føre tilsyn med at programmet blir etterlevd. Etter at programmet er godkjent og sett i verk, vil eg ha tidleg evaluering og vurdering av forbetringar. Eg legg difor opp til at første godkjenning vert gitt berre for tre år, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Melding til Stortinget om pelsdyrnæringen

Ved behandling av Meld. St. 8 (2016-2017) Pelsdyrnæringen 10. januar 2017 bad Stortinget regjeringa om å innføre eit forbod mot gruppehald av mink (gruppehald betyr at to eller fleire dyr av same kjønn blir haldne i same bur), men likevel opne for gruppehald på gardar som deltek i eit dyrevelferdsprogram og som oppfyller strenge krav til dyrevelferd. 

Strengare krav til dyrevelferd

Landbruks- og matdepartementet har i dag vedtatt endringar i forskrift om hold av pelsdyr, og følger med dette opp Stortinget si oppmoding. I tillegg blir forskrifta innskjerpa med krav om journalføring av grunnlag for å velje ut avlsdyr, nye krav til aktivitetsobjekt for rev og krav som skal motverke feil beinstilling hjå rev. 

Det er også fastsett krav til dokumentasjon av tiltak som gjeld tilsyn og stell av dyra. Desse krava til å dokumentere kva som er gjort, vil medverke til å styrke etterleving av regelverket og gi Mattilsynet eit betre grunnlag for sine vurderingar av dyrehaldet. 

Mattilsynet skal treffe vedtak om deltaking i dyrevelferdsprogram

I høyringa vart det tatt opp om avgjerd om deltaking i dyrevelferdsprogrammet kunne bli tatt av dei private organa som administrerer programmet (Norges Pelsdyralslag), eller om vedtak burde bli fatta av Mattilsynet. I forskrifta som nå er vedteken er det Mattilsynet som må treffe vedtak om deltaking i programmet og om vilkåra for å drive med gruppehald er oppfylt. 

Rev.
Rev. Foto: Landbruks- og matdepartementet