Styreval i Gassco
Pressemelding | Dato: 17.09.2026 | Energidepartementet
På ei ekstraordinær generalforsamling 14. september vart Kjell-Erik Østdahl valt inn som nytt styremedlem i Gassco AS.
Gassco er operatør for det integrerte transportsystemet for gass frå norsk kontinentalsokkel til marknadene i Europa. Gasstransportsystemet består av røyrleidningar, prosessanlegg og gassterminalar på det europeiske kontinentet og i Storbritannia.
Som operatør har Gassco ansvar for trygg og effektiv transport av gass frå norsk sokkel. Selskapet leverer ein betydeleg del av gassen som blir brukt i EU og Storbritannia. Gassco er eigd av staten, og eigarskapen blir forvalta av Energidepartementet.
Etter generalforsamlinga er dette dei aksjonærvalde medlemmene i styret:
Leiar: Karl-Petter Løken
Styremedlem: Bente Nyland
Styremedlem: Asgeir Tomasgard
Styremedlem: Siri Birgitte Bang Berge
Styremedlem: Kjell-Erik Østdahl