Revidert nasjonalbudsjett

Styrkar digital undervising med 140 millionar kroner

Mange kommunar har lukkast i omstillinga til digital undervising, men ikkje alle kommunane har vore like godt rusta når det kjem til infrastruktur, utstyr og kompetanse. Derfor foreslår regjeringa å løyve 80 millionar kroner til å betre heimeundervisinga og 60 millionar til innkjøp av digitale læremiddel.

– Sjølv om elevane no i større grad kjem til å vere på skulen, må vi rekne med at det kjem til å bli noko heimeundervising også i tida framover. Dessutan vil dette for nokre kommunar vere investeringar som er naudsynte dersom skulane skal lukkast med digital omstilling, uavhengig av krisa vi no står oppi, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby.

Med den digitale undervisinga har mange kommunar og fylkeskommunar teke i bruk fleire nye verktøy slik som videokonferanse, nettpratløysingar og digitale læremiddel. Dette gir kommunane auka kostnadar. I nokre kommunar og fylkeskommunar vil også økonomien i familiane vere ei utfordring, til dømes ved at elevane ikkje har god nok internettdekning heime til god heimeundervising.

– Kommunane skal sjølve vurdere kva verktøy, læremiddel og ressursar dei vil bruke, men vi må sørge for at alle elevar får eit godt tilbod uavhengig av kvar dei bur i landet. Korleis vi vil gjere dette, kjem vi tilbake til, seier Melby.

Skal hauste erfaringar

Det er i tillegg sett av 5,5 millionar kroner til å auke kunnskapen om bruk av digitale verktøy i skulen. Mellom anna ønsker regjeringa betre innsikt i korleis tilstanden er i dei ulike kommunane.

– No som mange skular har lagt om undervisninga på grunn av koronasituasjonen, har vi ein unik sjanse til å hente ny innsikt og kunnskap om bruk av digitale hjelpemiddel. Dette vil vere viktig læring for framtida, avsluttar statsråden.