Styrker evna til sikring

Objektsikring er ein del av regjeringas arbeid med sikkerheit og beredskap i Noreg. I 2019 vil regjeringa at Heimevernet skal øve og trene sikringsstyrkane meir. Regjeringa vil også sette av meir pengar til å sikre skjermingsverdige bygningar og installasjonar.

Innsatsstyrke Heron HV-14 trente på objektsikring under Øvelse Salten i Bodø.
Regjeringa foreslår at Heimevernet skal øve og trene sikringsstyrkane meir. Her ser vi innsatsstyrke Heron HV-14 trene på objektsikring under Øvelse Salten i Bodø. Foto: Jesper Vigander Edwin, Forsvaret

– Regjeringa vil auke tildelinga til Heimevernet med 61 millionar kroner slik at større delar av områdestrukturen kan trene lenger kvart år. Vi vil også sette av meir enn 180 millionar kroner til grunnsikring av skjermingsverdige objekt, seier forsvarsminister Frank Bakke-Jensen.

Regjeringa vil styrke Heimevernet i tråd med ambisjonane for landmakta, samtidig som ho legg til rette for å auke evna til objektsikring, og set av 61 millionar kroner ekstra til meir trening og øving.

Til saman blir Heimevernet styrka med 216,5 millionar kroner i 2019. Av dette er 97,5 millionar kroner til økt trening og øving og styrking av drifta i Heimevernet og 119 millionar kroner til  materiellfornying, herunder moderne våpen, utstyr og klede.

Regjeringa opnar for ei økonomisk framskunding av Forsvarets planer for sikring av skjermingsverdige objekt. Regjeringa set av 89 millionar kroner ekstra til grunnsikring, og totalt blir om lag 180 millionar kroner satt av til grunnsikring i Forsvaret.

Styrkingane vil betre sikringa av skjermingsverdige objekt, og bidrar til ei styrking av Heimevernets evne til objektsikring.

Til toppen