Styrker fagskolar og yrkesfag

Regjeringa har lagt fram eit budsjett for fleire jobbar, betre velferd og ein trygg kvardag. Derfor fører vi vidare satsinga på yrkesretta utdanningar i statsbudsjettet for 2017, og foreslår 58 millionar kroner til å styrke fagskolar og 30 millionar kroner til å styrke kompetansen til yrkesfaglærarane.

– Vi veit at fagarbeidarar er viktige for ei vellykka omstilling av norsk økonomi, og vi veit at vi kjem til å stå overfor ein mangel på mange fagarbeidarar framover. Derfor held vi fram med å satse på dei yrkesretta utdanningane, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Satsinga skal bidra til å gjere fagskolane betre i stand til å utvikle kvaliteten og tilbodet i utdanningane sine. Hausten 2016 vil kunnskapsministeren legge fram ei melding til Stortinget om fagskolane.

– Vi ønsker at fagskolar skal bli meir anerkjende og meir synlege som eit yrkesretta alternativ til anna utdanning på høgre nivå. Det er også viktig at tilbodet ved fagskolane er oppdaterte om utviklinga i næringslivet, seier Røe Isaksen.

Satsar på yrkesfaglærarane

Regjeringa foreslår 30 millionar kroner til å føre vidare satsinga på kompetansen til yrkesfaglærarane, og utvidar tilbodet om etter- og vidareutdanning.

– Med ein stadig opnare økonomi må vi utdanne konkurransedyktige fagarbeidarar. Derfor har det aldri vore viktigare enn no at yrkesfaglærarane er oppdaterte på fagfelta sine, og gir yrkesfagelevane opplæring av høg kvalitet, seier Røe Isaksen.