Statsbudsjettet 2021:

Styrker Noreg som forskningsnasjon

I statsbudsjettet for neste år foreslår regjeringa å sette av 40,9 milliarder kroner til forskning og utvikling (FoU). Med det har Solberg-regjeringa auka tildelingane til forskning med 14,5 milliarder kroner sidan regjeringsskiftet i 2013. Det tilsvarer ein vekst på 55 prosent.

– Skal vi komme oss igjennom både koronakrisa og klimakrisa, må vi satse på meir forskning. Utvikling av ny kunnskap kan gje ny teknologi som igjen kan gje nye næringar og nye arbeidsplassar som Noreg treng, seier forsknings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim.

Dei 40,9 milliardane som blir foreslått i statsbudsjettet, er ein auke på ca 2 milliarder kroner fra i fjor. Det tilsvarer ein realøkning på 2,1 prosent.

– Vi følger også opp den ambisiøse langtidsplanen for forskning og høgare utdanning med til saman 959 millioner kroner, sier Asheim.

Regjeringa ønskjer ein sterk satsing på omstilling og vekst i næringslivet.

– Derfor auker vi tildelingane til bland anna innovasjonsprosjekt i næringslivet, kommersialisering av forskningen og basisbevilgningane til forskning innanfor naturvetenskap og teknologi, seier Asheim.

Noreg skal vere med i verdas største forsknings- og innovasjonsprogram

Regjeringa vil bruke 827 millioner kroner for å delta i EU sitt rammeprogram for forskning og innovasjon, Horisont Europa. 

– Vi klarer ikkje å løyse dei store og internasjonale samfunnsutfordringane verda står overfor aleine. Derfor ønskjer vi at Noreg skal vere med i verdas største forskningssamarbeid. Det gjev oss tilgang på kunnskap, marknadar, nettverk, infrastruktur og ein mogleheit for å samarbeide med dei beste forskarane og innovatørane både i og utanfor Europa, seier Asheim.

I det forrige rammeprogrammet, Horisont 2020, henta norsk forskning, offentleg sektor, helseforetak og næringsliv heim 11,2 milliarder kroner frå Brüssel. Bare EU-stormakten Frankrike fekk ein større pott enn Noreg innanfor programmet for små og mellomstore bedrifter (EIC Akselerator).

– Vi har lykkast godt i Horisont 2020, men eg har enda større forventningar. Målet må vere at vi på sikt får meir ut av den europeiske forskningspotten enn det vi betaler inn, seier Asheim.

Regjeringa tar forbehold om endelig beslutning om norsk deltaking i EU sine programmer fram til EU vedtek sitt langtidsbudsjett før nyåret.

Oppfølging av opptrappingsplanene under langtidsplan for forskning og høgare utdanning i 2021:

Opptrappingsplan

Sum (mill. kroner)

FoU for fornying og omstilling i næringslivet

194,6

Teknologiløft

45,5

Kvalitet i høgare utdanning

97,0

Totalt

339,1