Styrker samarbeidet med ideelle organisasjonar

Næringsminister Monica Mæland signerte i dag ein samarbeidsavtale med ideelle organisasjonar om helse- og sosialtenester.

– Vi har ein lang tradisjon i Noreg for å samarbeide med ideell sektor om viktige velferdsoppgåver. Regjeringa ønsker å følge opp denne tradisjonen, og vi har nå knytta kommunene tettare til samarbeidet, seier næringsminister Monica Mæland.

Næringsminister Monica Mæland, Virke, Frivillighet Norge, Ideelt Nettverk og KS Bedrift signerte samarbeidsavtale.
Signerte avtale: Næringsminister Monica Mæland, KS, Virke, Frivillighet Norge, Ideelt Nettverk og KS Bedrift. Foto: NFD/Trond Viken

Regjeringa vil styrke og utvide samarbeidet om leveransar av helse- og sosialtenester. Mange av dei tenestene dei ideelle aktørane tilbyr, blir levert etter avtale med ein kommune. Av den grunn har det vore viktig for regjeringa å involvere kommunal sektor i samarbeidsavtalen. Regjeringa har derfor invitert KS inn som part i samarbeidsavtalen.

Les samarbeidsavtalen her.

– Samarbeidsavtalen anerkjenner, synleggjer og styrker den viktige rolla som ideelle aktørar speler i det norske velferdssamfunnet, seier Mæland.

Avtalen skal mellom anna sikre god dialog mellom partane. Regjeringa, KS og ideell sektor skal ha jamlege møte for å drøfte aktuelle problemstillingar rundt leveransar av helse- og sosialtenester.