Statsbudsjettet 2018:

Styrker yrkesfag og fagskolar

Regjeringa fører vidare satsinga på yrkesretta utdanningar i statsbudsjettet for 2018, og foreslår 70 millionar kroner til å styrke yrkesfaga i vidaregåande opplæring og fagskolar.

– Norsk arbeidsliv vil trenge mange med utdanning i yrkesfag i åra som kjem. Fagarbeidarar er viktige for norsk konkurranseevne. Derfor held vi fram med å satse på dei yrkesretta utdanningane, seier kunnskapsminister Henrik Asheim.

Oppdaterte yrkesfaglærarar og fleire læreplassar

Regjeringa foreslår i overkant av 40 millionar kroner til å føre vidare satsinga på yrkesfag. Løyvinga skal blant anna gå til å rekruttere fleire verksemder med lærlingar, og til å styrke hospiteringsordninga for yrkesfaglærarane.

Regjeringa vil også opprette fleire fleksible studieplassar for dei i distrikta som vil bli yrkesfaglærar, og opprette ei ny ordning der fagfolk frå arbeidslivet kan bli meir involverte i undervisninga på skolen.

– Skal vi utdanne dyktige fagarbeidarar framover, må vi ha fagleg oppdaterte yrkesfaglærarar med god kunnskap om det som skjer ute på arbeidsplassane. Derfor gjer vi det lettare for lærarane å hospitere i ei verksemd, og enklare for fagarbeidarar å gå inn i skolen, seier Asheim.

Fleire studieplassar i fagskolane

Regjeringa foreslår 32 millionar kroner til 638 nye studieplassar ved fagskolar. Det kjem etter at regjeringa i 2017 kom med ei fagskolemelding med 48 tiltak og løyvde 68 millionar kroner til fagskolane.

– Utdanning frå fagskolar gir kompetanse som det er stor etterspurnad etter i arbeidslivet. Derfor følger vi opp satsinga frå i fjor og opprettar fleire studieplassar, seier kunnskapsministeren.