Styrking av Heistadmoen leir: Aukar kapasiteten med 400 soldatar

Forsvarsdepartementet løyver to millionar kroner til utbetring av sanitæranlegget på Heistadmoen leir. Dette vil gi stort auka kapasitet for øving og trening på det sentrale austlandsområdet, og gjera at 1200 soldatar kan utdannast samtidig, frå dagens 800. Auka kapasitet til trening av soldatar er viktig for den nasjonale beredskapen.

Kadettar trenar nærkamp
Kadettar trenar nærkamp Foto: FD

- Heimevernet (HV) er viktig for den lokale, regionale og nasjonale beredskapen, som vi mellom anna har sett under ekstremvêret «Hans» dei siste dagane. Det er førstelinjeforsvaret vårt med god lokalkunnskap som på kort varsel stiller opp når Forsvaret eller sivilforsvaret treng det. Heistadmoen er også ein etterspurd øvingsarena for resten av Forsvaret. Utbetring av sanitæranlegget er heilt nødvendig og vil auka øvingskapasiteten og styrkja den norske beredskapen, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).

Forsvarsministeren i samtale med kadettar
Forsvarsministeren i samtale med kadettar Foto: FD

Heistadmoen leir er hovudkvarteret for HV03 som dekkjer Buskerud og Telemark. Distriktet dekkjer heile 39 kommunar og er viktig i den lokale og regionale beredskapen. Sjølve leiren og øvingsfelta på Heistadmoen og Hengsvann vart etablert med kapasitet til å utdanna om lag 800 personar samtidig. Med denne utbetringa av sanitæranlegget vil øvingskapasiteten auka med 400 soldatar, frå 800 til 1 200.  I tillegg til å vera ein viktig øvingsarena for Heimevernet rundt heile Oslofjorden, brukast områda av andre avdelingar i Forsvaret som Garden og Krigsskolen og politiet. Då Gram besøkte HV03 på Heistadmoen var det kadettar frå Krigsskolen som hadde treninga si der.