Statsbudsjettet 2019

Styrkjer barnevernets innsats mot ungdomskriminalitet

Ungdomskriminaliteten i Oslo har etter fleire år med nedgang vore aukande sidan 2015. Regjeringa føreslår å styrkje barnevernet i Oslo kommune med 10 millionar kroner for at dei betre kan følgje opp ungdom i kriminelle miljø.

- Det hastar å forsterke innsatsen i Oslo, der utfordringane med ungdomskriminalitet og gjengar er størst. Derfor vil vi gå direkte inn og styrkje samarbeidet mellom barnevernet og politiet i Oslo. Målet er fyrst og fremst  å få unge under kriminell lågalder ut av kriminelle miljø og hindre at dei blir rekrutterte til gjengkriminalitet, seier barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland (H).

Regjeringa prioriterer tiltak for å motverke kriminalitet og vil styrkje innsatsen mot ungdomskriminalitet og kriminelle gjengmiljø med ein pakke på 50 millionar kroner. Det trengs tiltak innanfor fleire sektorar, og midla skal styrkje både barnevernet, politiet og konfliktrådet.

I juni i år besøkte barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland (H) og justisminister Tor Mikkel Wara (FrP) politiet i Oslo og vart orientert om auken i ungdomskriminalitet den siste tida.

Barnevernet har eit ansvar for barn og unge med alvorlege åtferdsvanskar. Auken på 10 millionar kroner skal bidra til at barnevernet i Oslo kan setje inn fleire tiltak som mellom anna fremmer deltaking i skule og i fritidsaktivitetar. Det er særleg dei yngste ungdommane som er målgruppa.

- Satsinga skal bidra til at tilsette i barnevernet og politiet jobbar tettare saman om ungdom som utøver kriminalitet. Samstundes må barnevernet samarbeide med skule og lokalsamfunn for å bidra til at ungdommane og familiane deira får god oppfølging, seier Helleland.

Tiltaka skal også bidra til å styrkje omsorga og samspelet i familien. Foreldrestøtte og tilbod om rettleiing vil vere viktig for å betre foreldra si oppfølging og grensesetting av barn og unge som gjer kriminelle handlingar.

I enkelte tilfelle er det naudsynt at ungdom vert flytta bort frå familien og negative miljø. Barnevernet må då syte for at desse ungdommane får ein stad å bu med tilpassa behandling og oppfølging.

 

Til toppen