– Miljøtilstanden i Oslofjorden er kritisk, og regjeringa har difor innført fleire kraftfulle tiltak. Eitt av desse tiltaka er eit forbod mot fiske i tre område i Oslofjorden. Dei to nye stillingane skal sørge for at dei nye reglane og forboda blir følgde gjennom oppsyn, kontroll og informasjon, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Fiskeforbodet i dei tre områda i Indre Oslofjord, Hvaler nasjonalpark og Færder nasjonalpark, samt avgrensingar for kva reiskapar både fritidsfiskarar og yrkesfiskarar kan bruke i fjorden, skal bidra til å betre tilstanden i Oslofjorden. 

Dei to nye stillingane er viktige for at forbodet mot fiske, og avgrensingane for fiskereiskapar, blir følgde opp med meir oppsyn, kontroll og informasjon.