Historisk arkiv

Sunnfjord blir namnet på den nye kommunen av Førde, Jølster, Gaular og Naustdal

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har i dag avgjort at namnet på den nye kommunen av Førde, Jølster, Gaular og Naustdal blir Sunnfjord. – Val av namn på kommunen er viktig når ein skal byggje ein ny kommune og ein ny felles identitet. Namn betyr mykje for innbyggarane. Eg håpar at namnet Sunnfjord vil vere inkluderande og samlande, og skape ro slik at ein kan sjå framover, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Dei fire kommunane kom ikkje fram til semje om eit forslag til kva som skulle vere namnet på den nye kommunen som skal stå klar 1. januar 2020. To av kommunane, Førde og Naustdal, ville ha Førde som nytt namn, medan Jølster og Gaular ønskte Indre Sunnfjord. I arbeidet med intensjonsavtalen for dei fire kommunane, var alle fire samde om at namnet Sunnfjord var eit godt namn på den nye kommunen.

Språkrådet har i sin uttale om namnealternativa Førde, Indre Sunnfjord og Sunnfjord, tilrådd å bruke namna Førde eller Indre Sunnfjord. Av omsyn til å ta vare på stadnamn som språklege kulturminne, er Språkrådet i utgangspunktet positiv til at namn som blir brukt om større område, blir tekne i bruk som nye kommunenamn. Likevel kan dei ikkje tilrå å bruke Sunnfjord av di den nye kommunen ikkje samsvarer med området Sunnfjord.

Kommunal- og moderniseringsministeren inviterte dei fire kommunane til eit møte for å høyre nærmare om deira synspunkt i namnespørsmålet. I etterkant av møtet har Kommunal- og moderniseringsdepartementet vedteke at den nye kommunen skal heite Sunnfjord.

– Dette har vore ei vanskeleg sak å avgjere, sidan begge partar viser til gode og saklege argument for sitt syn. Samstundes var det ei semje i intensjonsavtalen om namnet Sunnfjord. Sjølv om Sunnfjord omfattar eit større område, vil den nye kommunen utgjere ein vesentleg del, seier Sanner.

– Etter at Flora og Vågsøy har vedteke å slå seg saman med mål om å lage ein sterk kystkommune, vil den nye kommunen av Førde, Jølster, Gaular og Naustdal omfatte størstedelen av Sunnfjord, seier Sanner. – Eg meiner Sunnfjord vil vere det beste namnet for den nye kommunen og at dette vil styrkje den felles identiteten i den nye kommunen, seier Sanner vidare.

Namnet på den nye kommunen blir formelt fastsett i forskrift. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har ved kongeleg resolusjon fått delegert myndigheita til å fastsette kommunenamn etter kommunelova § 3.

Saman med namnet på den nye kommunen fastset forskrifta også tal på kommunestyremedlemer i den nye kommunen og einskilde andre regler som sammenslåinga krev.

Forskrift om samanslåing av Førde kommune, Gaular kommune, Jølster kommune og Naustdal kommune til Sunnfjord kommune (PDF)

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementets pressetelefon: 22 24 25 00.