Milepåle for Svalbard globale frøkvelv – 1,4 millionar frøprøver sikra
Nyheit | Dato: 17.06.2026 | Landbruks- og matdepartementet
Det globale frøkvelvet på Svalbard opna onsdag 17. juni dørene for andre gong i år. Det blei deponert over 15 000 nye frøprøver. No ligg det over 1,4 millionar frøprøver lagra i kvelvet som eit sikkerheitslager for framtida og menneskeheita.
Dette er den 70ande deponeringa i Svalbard globale frøkvelv sidan opninga i 2008. Det samla talet på frøprøver er no 1 401 285. Totalt er det 15 387 frøprøver frå 11 genbankar som er langtidslagra i verdas største frølagringsanlegg.
Deponeringa no i juni inneheld nesten dobbelt så mange frøprøver som førre deponering i februar. Tusenvis av frøprøver frå genbankar i Amerika, Europa, Afrika og Asia er no sikra i dei iskalde hyllene i frøkvelvet.
For første gong har Burkina Faso og Niger deponert frø med støtte frå Benefit Sharing Fund of the International Treaty on Plant Genetic Resources for Food and Agriculture (Plantetraktaten).
|
Genebank |
Country |
Seed Samples |
Boxes |
Crops |
|
APGRC |
Sudan |
982 |
1 |
19 species, including 444 pearl millet, 238 sorghum + other tropical, grain, legume and vegetable species |
|
CGN |
Netherlands |
660 |
1 |
43 species, 160 peppers, 64 beans + diff. vegetables, legumes, cereals |
|
CONAGREP (new, BSF-supported) |
Burkina Faso |
370 |
1 |
10 species: okra, maize, groundnut, Hibiscus, pearl millet, rice , sesame, sorghum, bambara groundnut, cow pea, |
|
Embrapa |
Brazil |
24 |
1 |
5 species; cashew tree, groundnut, castor bean, lima bean and sesame |
|
ICARDA |
Morocco |
1172 |
4 |
30 species of chickpeas (302), lens (268) and cereals |
|
IHAR |
Poland |
1000 |
2 |
15 species of rye wheat (596) , oats, buckwheat, common millet, faba bean, maize, tomatoes, cucumber, melon and sorghum |
|
INRAN (new, BSF-supported) |
Niger |
204 |
1 |
4 species: groundnut, pearl millet, sorghum and cow pea |
|
John Innes Centre |
United Kingdom |
4602 |
10 |
Wheat, barley, oats and rye wheat (in total 17 different species) |
|
RDA, National Agrobiodiversity Center |
South-Korea |
6000 |
7 |
50 species, cereals, vegetables and legumes |
|
Seed Savers Exchange |
USA |
53 |
1 |
18 species, vegetables, legumes and cereals |
|
Taiwan Agricultural Research Institute |
Taiwan |
320 |
3 |
Cucumber, soybean, tomatoes, aubergine and winged bean |
|
TOTALS |
15,387 |
32 |
|
|
Det er Landbruks- og matdepartementet som administrerer Det globale frøkvelvet på Svalbard. I tillegg har departementet ansvar for drift, tryggleik og stønad. Statsbygg har fått rolla som hovudrådgjevar når det gjeld bygg og vedlikehald av frøkvelvet.
- Du kan lesa meir om frøkvelvet på: Landbruks- og matdepartementet - regjeringen.no
NordGen er genbanken til dei nordiske landa, og er også kunnskapssenter for genetiske ressursar. Som driftaren av Frøkvelvet, har NordGen ansvaret med å handtera frøa inne i Frøkvelvet, kommunisera med andre genbankar og å halda ved like ein open, allmenn database med informasjon om frøprøvene som ligg lagra i Frøkvelvet.
- Les meir hjå NordGen: NordGen
Crop Trust er ein internasjonal organisasjon som arbeider med å konservera avlingsmangfaldet og såleis verna den globale mat- og ernæringstryggleiken. Kjernen i Crop Trust er eit gåvefond som garanterer økonomisk stønad til genbankar over heile verda på lang sikt. Crop Trust stør Det globale frøkvelvet på Svalbard og koordinerer storskalaprosjekt over heile verda for å sikra avlingsmangfaldet og gjera det tilgjengeleg for bruk. Crop Trust er anerkjent som eit essensielt element i finansieringsstrategien til den internasjonale traktaten om plantegenetiske ressursar for mat og landbruk.
- Les meir hjå Crop Trust: www.croptrust.org