Svar på skriftleg spørsmål om klimaavtalen med EU på skog

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Bengt Rune Strifeldt (FrP) om klimaavtalen med EU på skog (LULUCF).

Svar på skriftleg spørsmål nr 21

Stortingsrepresentant Bengt Rune Strifeldt har stilt følgjande spørsmål til skriftleg svar til landbruks- og matministeren:

«Kan statsråden garantere at en videreføring av klimaavtalen med EU på skog (LULUCF) ikke vil medføre begrensninger på skogbruket, og gi en nærmere begrunnelse for hvorfor han ser ut til å ha en annen oppfatning av LULUCFs innvirkning på skogsdrift enn det som for eksempel Sverige har?»

I klimastatus og plan som følgjer som vedlegg til budsjettproposisjonen til Klima- og miljødepartementet, skriv regjeringa følgjande:

«For perioden 2021–2025 ligg Noreg etter usikre berekningar an til eit utsleppsgap samanlikna med netto-null-forpliktinga på om lag 34 mill. tonn for perioden 2021–2025. Anslått gap blir redusert til om lag 16 mill. tonn om vi får tilgang på ein kostnadsfri kompensasjonsmekanisme som regelverket opnar for om EU samla sett når målet om «netto null». Det anslåtte gapet på 34/16 mill. tonn vart kjend hausten 2022. Gapet er i ein storleik som svarer til 14 pst. dvs, 7 pst. av dei norske klimagassutsleppa i 2021. For å auke opptaket i skog og redusere utslepp frå nedbygging og anna arealbruksendringar legg regjeringa no fram forsterka politikk og verkemiddel. Denne politikken vil jamvel først og fremst påverke opptak og utslepp på lengre sikt enn 2021–2025. Det finst få tiltak som gjev effekt innan 2025. Vi kjem difor til å få eit stort underskot samanlikna med netto-null-forpliktinga for perioden 2021–2025. Ei mogleg løysing er å kjøpe kvotar frå andre land for å oppfylle forpliktinga.

For perioden 2026–2030 har EU vedteke eit nytt skog- og arealbruksregelverk (sjå kap. 2). Om Noreg i det nye regelverket får berekna mål og budsjett for perioden på same måten som EU-landa, kan Noreg etter svært usikre berekningar få eit overskot på om lag 11 mill. tonn CO2-ekvivalentar i denne perioden. Det er mogleg å overføre 0,8 mill. tonn frå skog- og arealbrukspilaren til innsatsfordelingsforordninga i andre periode. Heile overskotet kan seljast.

Noreg har soleis ei utfordring med eit berekna utslepp for skog- og arealsektoren for inneverande femårsperiode, men med bakgrunn i EU sitt regelverk for berekning av forpliktinga for perioden 2026-2030, så kjem Noreg betre ut. For Sverige er det motsett, dei vil få større utfordringar med det nye regelverket som vil gjelde frå 2026.

Eg er samd med representanten Strifeldt om at regelverket gir uheldige insentiv, i og med at redusert hogst vil slå positivt ut i form av lågare bokførte utslepp i klimagassrekneskapen for skog- og arealsektoren. Eg har inntrykk av at det var mellom anna dette Sverige ville uttrykke sin misnøye med ved å avstå i å gi si tilslutning til LULUCF-forordninga.

Regjeringa har ingen planer om å føre ein politikk som grip inn i marknaden for omsetting av tømmer. Det er skogbrukslova som regulerer skogbruket, og skogbrukslova gir ingen heimel for å regulere volumet omsett tømmer med bakgrunn i klimamål. Tømmermarknaden blir, og skal også framover bli, styrd av tilbod og etterspurnad.

Med helsing

Geir Pollestad