Svar på skriftleg spørsmål om konkurransen i meierisektoren

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle (H)  - Arbeidet med gul boks og regjeringas «foreslåtte innsnevring av konkurransen i meierisektoren»

Spm nr 77 til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle - Arbeidet med gul boks og regjeringas «foreslåtte innsnevring av konkurransen i meierisektoren»

Eg viser til brev datert 10. oktober 2023 med følgjande spørsmål til skriftleg svar frå representanten Lene Westgaard-Halle:   

Vil statsråden i lys av det pågående arbeidet med gul boks og regjeringens foreslåtte innsnevring av konkurransen i meierisektoren, nå vurdere å skrote sine forslag slik at regjeringen ikke bidrar til dårligere konkurranse og dyrere mat, og heller prioritere en helhetlig gjennomgang av markedsordningene.

Eg er ikkje er samd med premissen i spørsmålet frå representanten Westgaard-Halle. Regjeringa har ikkje foreslått «innsnevring av konkurransen i meierisektoren» som «bidrar til  dårlegare konkurranse og dyrare mat». Landbruks- og matdepartementet varsla i mars i år endringar i dei konkurransefremjande tiltaka innanfor meierisektoren. Forslaga vart sende på høyring i juli og fristen for høyringa gjekk ut den 10. oktober. I høyringsframlegget låg det inne ei justering av dei konkurransepolitiske tiltaka. Forslaget inneber at om lag tre firedelar av beløpet som går til konkurransefremjande tiltak vert ført vidare. Endringsframlegget byggjer på at konkurranse i meierisektoren er viktig og at konkurransefremjande tiltak enno er naudsynt for å leggje til rette for konkurranse i sektoren. Departementet har teke i mot om lag 30 innspel til høyringa som eg no vil gå inn i før eg konkluderer i saka.

Den såkalla gule boksen i WTO set grenser for handelsvridande marknadsprisstøtte som Noreg må rette seg etter. Over tid har vi i Noreg gått bort frå målprissystem i fleire produksjonar fordi handlingsrommet i gul boks har vorte mindre som følgje av auka prisar og volum. I jordbruksoppgjeret i vår vart partane samde om å vurdere endringar i marknadsordningane for korn og mjølk på grunn av avgrensa rom for vidare målprisutvikling frå 2024. Eg vil for ordens skyld leggje til at jordbruksavtalen føreset at Noreg held sine forpliktingar òg for 2023. Taket for støtte innanfor gul boks er då heller ikkje passert slik representanten Westgaard-Halle legg til grunn. 

Målpris for mjølk og korn vert sett i jordbruksoppgjeret og målprismodellen er forankra i jordbruksavtalen. Arbeidet med å greie ut ulike alternative prismodellar med siktemål om redusert AMS innanfor sektorane mjølk og korn høyrer difor inn under ansvarsområdet for partane i jordbruksavtalen. Av den grunn har partane sett ned ei arbeidsgruppe som skal leggje fram rapport før jordbruksoppgjeret 2024, seinast 1. februar 2024.

Fordi det er stor ulikskap mellom sektorane korn og mjølk er det sett ned eigne fag­grupper for kvar av sektorane som skal leggje fram forslag til ulike prismodellar og greie ut konsekvensar av desse for arbeidsgruppa. I faggruppene er det nemnd opp representantar for marknadsregulator (Tine i faggruppa for mjølk) og matindustrien saman med partane. Det er i mandata til faggruppene peika på at dei skal vurdere direkte konsekvensar av prismodellane sett i relasjon til andre element i marknadsordninga og marknaden. Av dette følgjer at dersom det kjem fram til endringar i prismodellane som krev endringar i andre element i marknadsordningane, må desse greiast ut. Endringar som eventuelt medfører endringar i forskrifter, som for eksempel endringar i prisutjamningsordninga, må høyrast.   

Mjølkeproduksjon er ein berebjelke i norsk landbruk, særleg i distrikta. Dei ulike elementa i marknadsordninga for mjølk er grunnsteinane denne bjelken kviler på. Ordninga slik vi kjenner ho i dag vart etablert i 2004 og har med mindre justeringar vore uforandra etter mjølkeforliket i 2007. Ordninga rommar kvoteordninga for mjølk, importvernet for meieri­produkt, prisutjamningsordninga og Tines ansvar for å regulere marknaden med mottaks-, forsynings- og informasjonsplikt. Det er svært viktig at det arbeidet som no vert gjort veg dei viktige omsyna som konkurranse i sektoren og konkurransekrafta til norsk mjølk opp mot mjølka si viktige rolle i norsk landbruk og sjølvforsyning.

Med helsing

Geir Pollestad