Svar på skriftleg spørsmål om matjord i Hå kommune

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Alfred Jens Bjørlo (V) - Om å bygge ny skole på matjord i Hå kommune.

Skriftleg svar på spm nr 412 frå stortingsrepresentant Alfred Jens Bjørlo - Om å bygge ny skole på matjord i Hå kommune

Eg viser til spørsmål nr. 412 for skriftleg svar frå Stortingets presidentskap. Følgjande spørsmål er reist i brev av 12.11.2023 frå stortingsrepresentant Alfred Jens Bjørlo:

«Kva synest statsråden om at Hå kommune vel å byggje ny skule på matjord i staden for å byggje ny skule på eksisterande skuletomt, og er dette i tråd med regjeringa sin jordvernsstrategi?»

Kommunane har ei viktig rolle i arbeidet med å ta vare på matjorda, fordi det er dei som er den lokale planstyresmakta, og i hovudsak avgjer arealbruken i kommunane. Sjølv om eg ikkje kan gå inn i enkeltsaker utan vidare, er det likevel viktig for meg å følgje med på kva kommunane gjer i slike saker, ikkje minst med tanke på kva for tiltak me må gjere for å nå målet i den nye nasjonale jordvernstrategien.

Den nye jordvernstrategien blei vedteken av Stortinget 15. juni i år, med eit nytt og skjerpa mål, som seier at omdisponeringa av dyrka mark skal vere maksimalt 2 000 dekar pr år (ned frå 3 000 dekar), og at målet skal bli nådd innan 2030. Eg meiner at dette både er eit ambisiøst og realistisk mål som vi må nå.

Det er statsforvaltaren som skal vareta jordvernet i denne typen saker på vegne av oss, om kommunen ikkje i tilstrekkeleg grad varetar dei.

Heile området som er aktuelt for å bygge ny skule, var sett av til planformål som inneberer omdisponering av dyrka jord (friområde og tenesteyting) og i den førre kommuneplanen. Det bør likevel ikkje vere eit avgjerande argument, sidan me er avhengig av at kommunane fører attende mykje av det arealet som er sett av til byggeformål og liknande i kommuneplanane. Det er nemleg sett av svært mykje slikt areal som enno ikkje er bygd ut. Dette kjem fram i ein ny rapport til NINA («Planlagt utbyggingsareal i kommunane», aug. 2023). Berre når det gjeld jordbruksareal er det avsett minst ca. 140 000 dekar dyrka mark til utbyggingsformål i disse planane.

Statsforvaltaren fremma ikkje motsegn i denne saka i Hå kommune, men hadde eit fagleg råd om at delar av arealet, særleg den fulldyrka jorda, blir ført tilbake til LNF-formål (landbruks- natur- og friluftsformål), eller at det blir sett føresegn om at areal som ikkje blir nytta til tenesteyting, skal førast tilbake til LNF-formål.

Om me skal nå jordvernmålet, må kommunane føre ein strengare jordvernpolitikk, og unngå utbygging på dyrka mark som ikkje er heilt nødvendig ut frå sterke samfunnsomsyn. Eg vil derfor oppmode kommunepolitikarane i Hå kommune og andre kommunar om å sjå grundig på denne type saker, slik at ein bygger ned minst mogleg jordbruksareal, og særleg fulldyrka jord.        

Med helsing

Geir Pollestad