Svar på spørmål om nydyrking, driveplikt og nedbygging av matjord

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp) om kva statsråden vil gjere for å sikre riktig rapportering og stanse negativ utvikling når det gjeld nydyrking, driveplikt og nedbygging av matjord.

Eg viser til spørsmål nr. 1019 for skriftleg svar frå Stortingets presidentskap. Spørsmålet er reist i brev av 29.04.16 frå stortingsrepresentant Geir Pollestad. Spørsmålet er som følgjer: 

" I ulike oppslag i media fremkommer det at nedbyggingen av matjord er høyere enn rapportert, nydyrkingen lavere enn omsøkt og jord går ut av bruk i strid med driveplikten. Hva vil statsråden gjøre for å sikre riktig rapportering og stanse denne neqative utviklingen?" 

Tal for omdisponering og nydyrking blir registrert i KOSTRA (Kommune-stat-rapportering), som er eit nasjonalt rapporteringssystem som gjev informasjon om kommunal og fylkeskommunal verksemd. Kommunane og fylkeskommunane rapporterer til staten ved SSB. Data som er rapportert inn, blir publisert på SSB sine nettsider som grunnlagsdata eller sett saman og publisert som nøkkeltall. Denne informasjonen er for innbyggarane, media, kommunane sjølve, staten og andre. 

Det er danna arbeidsgrupper i KOSTRA, mellom anna for landbruk, som har ansvar for å hente inn informasjon og utarbeide statistikk på sitt område. Gruppene er sett saman av representantar frå ulike offentlege etatar og fagdepartement. Arbeidet i arbeidsgruppene spring ut frå årlege mandat som Samordningsrådet for KOSTRA har gitt sin tilslutning til, og arbeidet dokumenterast i rapportar som gis ut av SSB. 

Omfanget av rapportering vil vere ei avveging mot å ikkje gjere rapporteringsbyrda for kommunane for stor, og mot å bryte med tidlegare rapporteringsmetodar. Difor skal ein i KOSTRA rapportere inn det arealet som er tillaten nydyrka, sjølv om ein reknar med at noko av det arealet ikkje vert dyrka opp. Difor skal ein òg i KOSTRA rapportere inn omdisponeringa av dyrka og dyrkbar jord når reguleringsplanen blir vedteken, sjølv om nokre reguleringsplanar ikkje blir gjennomført, og sjølv om noko omdisponering i kommuneplanens byggeområde og liknande skjer utan reguleringsplan. Ein har til no heller ikkje hatt rapportering av landbruket si eiga nedbygging i det såkalla LNF-området. 

Landbruksdirektoratet i samarbeid med SSB, gjer likevel no ei vurdering av om KOSTRA kan betrast for å registrere faktisk nedbygging og nydyrking. Samtidig har NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi) i gang eit arbeid for å sjå om ein ved hjelp av flyfoto og digitale kart kan gi oversikt over arealbruksendringar i kommunane. 

I avisa Nationen har det kome fram opplysningar om at i alt 11.404 dekar er ført som "brakka" i søknader om produksjonstilskot i fjor. I tillegg er 82.223 dekar ført opp som "ute av drift"

Reglene i jordlova om driveplikt gjeld jordbruksareal og gjeld difor også for slikt areal som nemnt over, med mindre eigaren har fått fritak frå driveplikta. Dette inneber at produksjonseigenskapane på jorda skal oppretthaldast slik at arealet kan nyttast til vanleg jordbruksdrift med moglegheit for normal avling. 

Det er kommunen og fylkesmannen som fører tilsyn med at reglane om driveplikt følgjast. For areal der eigar ikkje opprettheld driveplikta, kan kommunen gi eigar pålegg mellom anna om å leige bort jorda, og eventuelt pålegge tvangsgebyr dersom eigaren ikkje overheld pålegget. Eg legg til grunn at kommunane og fylkesmannen sørgjer for at driveplikta følgjast opp. 

I Sundvolden-plattforma står det at regjeringa vil greie ut praktiseringa og effekten av driveplikta. Departementet bad difor Landbruksdirektoratet om å opprette og leie ei arbeidsgruppe som skulle vurdere problemstillingar knytt til leigejord og driveplikt. Arbeidsgruppa sin rapport beskriv mellom anna praktiseringa og effekten av driveplikta, og foreslår ulike tiltak for oppfølging. Dei tiltaka som er foreslått i rapporten, er for tida under vurdering i departementet. 

 

Med helsing 

Jon Georg Dale