Historisk arkiv

Svar på spørsmål om Norfund og openheitslova

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereims svar på spørsmål frå Ingrid Fiskaa om at Norfund og openheitslova

Skriftlig spørsmål nr. 2020 (2022-2023)
Datert 21.04.2023

Fra representanten Ingrid Fiskaa (SV) til utviklingsministeren:

Korleis stiller utviklingsministeren seg til at Norfund – eit investeringsfond eigd og finansiert av den norske staten – hevdar seg unntatt openheitslova?

Utviklingsministerens svar:

Norfund (statens investeringsfond for næringsvirksomhet i utviklingsland) er eit 100 prosent statseigd selskap, der Utanriksdepartementet utøver eigarstyringa og eg som statsråd er ansvarleg. Staten sitt mål som eigar er at Norfund sine investeringar skal stimulere til sysselsetjing og berekraftig vekst i utviklingsland.

Sjølv om departementet løyver midlar til selskapet og utformar gjeldande rammevilkår, er det Norfund sjølv som er ansvarleg for selskapet sitt forhold til lover og reglar. Dette er i tråd med rolle- og ansvarsdelinga mellom staten og selskapa, som følgjer av selskapslovgjevinga og staten sin eigarpolitikk. Såleis har Norfund eit sjølvstendig ansvar for å vurdere om dei er omfatta av åpenhetsloven.

Norfund har gjort ei juridisk vurdering av dette spørsmålet. Dei har informert meg om at deira tolkning av åpenhetsloven er at fondet ikkje er ein del av lova sitt verkeområde då den, jamfør § 2, gjeld verksemder som «tilbyr varer og tjenester i eller utenfor Norge», noko Norfund meiner selskapet ikkje gjer.

Eg noterer meg Norfund sitt syn, men vil samstundes vise til rammene for staten sitt eigarskap som vert skissert i eigerskapsmeldinga, jf. «Meld. St. 6 (2022-2023) Et grønnere og mer aktivt statlig eierskap». Der kjem det blant anna fram at staten forventar at selskap – i dette tilfellet Norfund – er leiande i arbeidet med ansvarleg verksemd, og gjennomfører gode aktsemdvurderingar i tråd med anerkjende metodar.

Å vere leiande i arbeidet med ansvarleg verksemd, inneber å opptre etisk forsvarleg og til ei kvar tid følgje beste praksis på området. Dette er særleg viktig for mange av Norfund sine investeringar, for eksempel innan kraftutbygging, skog- og landbruk, som i mange tilfelle vil vere arealkrevjande og ha konsekvensar for lokalbefolkninga i fattige land.

I tråd med eigarskapspolitikken forventar eg vidare at selskapa, Norfund inkludert, er leiande på openheit og rapportering og nyttar anerkjende rapporteringsstandarar. I dette ligg det at selskapet fremjar ein openheitskultur og er open om og rapporterer på alle vesentlege forhold, slik at informasjonen gir eigarane og ålmenta eit rett bilete av verksemda. Denne forventninga gjeld uavhengig av krava i åpenhetsloven.

Eg vil følgje opp desse forventningane, samt selskapet sitt forhold til og vurdering av åpenhetsloven, i den regulære eigardialogen med Norfund.