Eg viser til brev av 20.01.2025 med spørsmål til skriftleg svar frå representanten Kari Elisabeth Kaski:

«Når vil statsråden leggje fram ein revidert strategi for økologisk landbruk som Stortinget bad om skulle kome i 2024, og planlegg regjeringa å leggje fram nokre konkrete målsetjingar for økologisk produksjon i den reviderte strategien?»

Arbeidet med utvikling av økologisk jordbruksproduksjon i Noreg byggjer på Nasjonal strategi for økologisk jordbruk frå 2018. Strategien har tre innsatsområde: Kunnskap og kompetanse, leggje til rette for økologisk produksjon og utvikling av ein effektiv verdikjede. Økologisk matproduksjon er ein del av matmangfaldet og ein spydspiss for utvikling av berekraftige produksjonsløysingar. I Meld. St. 11 (2023–2024) blir det understreka at eit viktig element i strategien for auka sjølvforsyning er å arbeide med marknadsretta tiltak mot forbrukarar som etterspør mat i ulike kategoriar og prisklassar, inkludert økologisk mat. Store delar av forbruket av økologisk mat er i dag dekt av import, også varer det er mogleg å produsere i Noreg. Det er framleis ei utfordring å etablere effektive verdikjeder for sentrale økologiske produksjonar.

Nasjonal strategi for økologisk jordbruk gjeld for perioden 2018–2030. Strategien blei evaluert av Oxford Research i 2023. Landbruks- og matdepartementet arbeider no med å revidere strategien, jf. Innst. 258 S (2023–2024). Som varsla i Prop. 1 (2024–2025) vil

revidert strategi bli lagt fram våren 2025. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget om saka på høveleg måte.

Med hilsen

Geir Pollestad