Sveinung Rotevatns tale på nasjonalparkkonferansen 2021

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatns tale på nasjonalparkkonferansen (webinar) om forvaltinga av nasjonalparkane og verneområda.

Kjære alle saman - takk for at eg får delta på nasjonalparkkonferansen.

Eg har sett fram til å treffe dykk som har nokre av dei viktigaste jobbane i norsk naturforvaltning; ansvaret for juvelane i norsk natur.

Vi har to store miljøutfordringar: klimaendringane og tapet av naturmangfald. Dei er like alvorlege og dei heng saman. Vi må derfor sjå dei i samanheng.

La meg ta eit eksempel på kva vi vinn når vi restaurerer natur:

Ei grøfta myr som blir tilbakeført, gir plass for fleire artar, altså meir naturmangfald. I tillegg kan den dempe tørke og små flaumar som skuldast klimaendringar. Og den kan lagre karbon som bremsar klimaendringar. Tre ting på ein gong.

Det internasjonale bakteppet

Samanhengen mellom klimaendringar og tap av natur gjeld for heile kloden. Regnskog som forsvinn i Amazonas kan ha konsekvensar for klimaet i Noreg.

Det som skjer på den internasjonale arenaen er også viktig for norsk politikk.

Det internasjonale Naturpanelet (IPBES)  sin første hovudrapport er sett saman av kunnskap frå nær 15.000 vitskapelege kjelder. 400 ekspertar frå 50 land har skrive rapporten som viser at naturen er i fare. Ein million artar er trua. Dyr, planter og økosystem blir utrydda i eit tempo vi aldri har sett tidlegare. Insektene speler ei nøkkelrolle i mange økosystem, men no døyr dei bokstaveleg talt som fluger. Nokre økosystem er så belasta at dei ikkje kan levere tenester som reint vatn, luft og stabil tilgang på mat i framtida.

Vi er no  i ein periode der vi legg vegen framover:

-   For det første startar den forpliktande avtala Noreg har med EU om å nå klimamåla innan 2030 og oppfylle årlege klimabudsjett. Vi må auke CO2-opptaket i skog og areal og redusere utsleppa for å nå dit.

-   For det andre skal dei gjeldande globale måla for naturmangfald – Aichimåla – bli erstatta av nye globale mål for å ta vare på natur og bruke den på ein berekraftig måte.

-   For det tredje går vi inn i det avgjerande tiåret der vi skal nå berekraftsmåla til FN i 2030.

- For det fjerde startar FNs tiår for naturrestaurering.

Vi må stanse tapet av naturmangfald viss vi skal nå berekraftsmåla. Regjeringa kjem i løpet av våren med ei stortingsmelding om korleis berekraftsmåla skal følgjast opp.

Om styrka forvaltning av verneområda

Forvaltninga av nasjonalparkar og andre verneområde er ei viktig brikke i denne store samanhengen. Her skal vi forvalte natur av både nasjonal og internasjonal verdi.

De som sit i styra har fått myndigheit til å forvalte desse verdifulle områda. De gjer det på vegne av oss alle saman, på vegne av naturen, og ikkje minst på vegne av dei som kjem etter oss. Det er eit stort samfunnsansvar.

I nasjonalparkane tek vi vare på dei store, heilskaplege økosystema der naturen skal utvikle seg på sine eigne premissar. Men tilstanden i mange av verneområda er ikkje  god nok. I 2017 blei det vurdert at verneverdiane er trua i meir enn en fjerdedel av verneområda, 27 prosent.

I 2019 la derfor regjeringa fram handlingsplan for styrka forvaltning av verneområda.

I løpet av dei siste 4 åra har vi brukt 16 millionar kroner meir til tiltak i verneområde. I 2021 er det sett av over 90 millionar kroner til dette. Slike tiltak kan vere økologisk skjøtsel, tilrettelegging og informasjon.

På Årø i Færder nasjonalpark er det blant anna fjerna store kvanta amerikansk edelgran som er eit framand treslag i Noreg, og det er restaurert sumpskog. I Lomsdal-Visten nasjonalpark har SNO og Statskog samarbeidd om å bygge bru for å legge til rette for ferdsel. Dette er døme på viktige tiltak som både legg til rette for bruk og tek vare på verneverdiane.

Vi skal prioritere oppsyn, og dermed følgje opp stortingsmeldinga om miljøkriminalitet som Stortinget behandla i haust.

I verneområda er det særleg to viktige punkt:

  • Vi skal bli betre på å formidle kunnskap om naturverdiane og betydninga av mindre inngrep i ein større samanheng.
  • Vi skal utgreie moglegheitene for bruk av teknologi for å kartlegge tilstanden i verneområde og annan viktig natur. Slik kan vi sjå om det er gjort ulovlege inngrep som til dømes bygging av vegar og bygningar.

Forvaltarane har nøkkelstillingar  i dei store verneområda. Til saman er det no 61 nasjonalpark- og verneområdeforvaltarar.  Eg veit at fleire av dykk meiner det  behov for  fleire. Dette vurderer vi kvart år i dei årlege budsjettprosessane. Vi har jamleg dialog med Miljødirektoratet  om -  og eventuelt kvar – det er behov for fleire stillingar.

Om bruk av nasjonalparkane og besøksstrategiar

Fleire nasjonalparkar og andre store verneområde toler meir bruk. Det skal vi leggje til rette for. Vi skal bruke nasjonalparkane. Men vi skal ikkje forbruke dei.

Nasjonalparkane er viktige reisemål. Ikkje minst no, når vi ser fram til enda ein sommar med Noregsferie. I ein normal situasjon er norsk natur eit trekkplaster også for utlendingar.

Naturen er det viktigaste salsgrunnlaget for reiselivsnæringa. Det må vi ta vare på.  Føresetnaden  for å skape ei sterk merkevare ligg i god lokal forankring.

De i styra skal leggje til rette for dei gode opplevingane, men de skal ikkje vere reiselivsaktørar. Styra, kommunane og næringsaktørar kan i samarbeid etablere gode, heilskaplege opplevingar. Da må ein mellom anna tenke på god informasjon, tilrettelagte stiar, utsiktspunkt, overnatting og lokale matopplevingar.

Dette har vi sett døme på fleire plassar. Mellom anna i Lom der dei har utvikla  den såkalla kundereisa frå Fossbergom  til Krossbu, og vidare til Sognefjellet og Turtagrø. Denne reisa er blitt særs vellykka. 

Mange av verneområda er særleg viktige for friluftslivet. Friluftsliv gir oss gode opplevingar og er viktig for folkehelsa. Naturen har vore enn fristad for mange under pandemien. I 2020 auka bruken av appen UT.no med  71 prosent. Det var  til saman 5,7 millionar brukarar av denne appen.

Gode besøksstrategiar er eit  viktig verktøy for å balansere bruk og vern. Ein besøksstrategi  må ta for seg informasjon, tilrettelegging og kanalisering av ferdsel for å motverke at verneverdiane blir øydelagde.

No har 22 av nasjonalparkane godkjente besøksstrategiar.

Dei som ikkje er heilt i mål, må gjere ein innsats for å få dei på plass. Ja, det er arbeidskrevjande, men lønsamt i den andre enden. Innsatsen vil gjere forvaltninga enklare og meir føreseieleg for alle partar.

Ulike brukargrupper kan ha ulike behov. Det må ein ta omsyn til.

Døme på dette kan vere i samiske område. Her tek verneområda vare på naturgrunnlaget som reindrifta og anna samisk kultur er avhengig av. I verneområda kjem ikkje dei store naturinngrepa. Her blir det ikkje nye vegar, vindmøller og gruvedrift.

Men reindrifta kan bli forstyrra dersom det kjem for mange folk i enkelte område. Styret må derfor gjere heilskaplege avvegingar og vurderingar når dei legg til rette for ulik bruk i slike område.

 Eg føler meg trygg på at styra har lokalkunnskap og finn fram til gode løysingar gjennom god forvaltning og dialog med dei det gjeld.

Sykling har skapt debatt.

I dag er det forbode å sykle i mange av dei store verneområda. Regjeringa har varsla ei oppmjuking i stortingsmeldinga og handlingsplanen om friluftsliv. I utgangspunktet skal det bli lov å sykle på vegar, stiar og køyrespor i nasjonalparkane og i landskapsvernområda.

Dette er eit utgangspunkt. Det kan vere område der sykling framleis bør vere forbode av omsyn til verneverdiane, til dømes i område som er viktige for villrein. Det må vurderast i kvart enkelte verneområde, og styret sine vurderingar vil vere viktige.

Miljødirektoratet skal vurdere verneforskriftene for dei aktuelle verneområda for eventuelt å endre reglane om sykling. Prosessen er forsinka fordi direktoratet ventar på at departementet skal utarbeide nye malar for verneforskrifter. Det arbeidet gjer vi no.

El-syklane er òg tidvis eit heitt tema.

El-syklane er motoriserte framkomstmiddel og derfor som hovudregel forbode i alle nasjonalparkane. På enkelte vegar som er mykje brukt til sykling, har ein likevel vurdert om ein òg kan tillate bruk av el-syklar.

I Jotunheimen konkluderte vi med å endre forskriftene for Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde slik at det no er lov å bruke el-sykkel på vegen inn til Glitterheim og på Koldedalsvegen i Koldedalen. Andre veger er foreløpig ikkje opna for el-syklar, blant anna for ikkje å bidra til auka ferdsle som kan forstyrre villrein.

Internasjonale mål – status i Noreg

Eg nemnde innleiingsvis at vi no står framfor fleire viktige prosessar som legg politikken framover.

Noreg er aktiv i forhandlingane om eit nytt globalt rammeverk for naturmangfald, ein "Parisavtale" for naturen. Statsministeren er ein av to leiarar av FN si pådrivargruppe for berekraftsmåla.

Det nye rammeverket og måla bør vere ambisiøse.

Internasjonalt meiner mange at landa bør verne 30 prosent av areala sine.

Vi har verna om lag 17,5 prosent av fastlands-Noreg.  Det kan i utgangspunktet høyrast bra ut. Utfordringa er at dette vernet ikkje er jamt fordelt. Mange naturtypar er dårleg dekte, til dømes skog der vi finn mange av dei mest sjeldne og trua artane. 

Vi har ikkje nådd dei nasjonale måla som seier at vi skal ta vare på eit representativt utval av norsk natur. Vi skal derfor verne meir av den aller viktigaste naturen vi har, og 10 prosent av skogen. Frivillig vern av privateigd skog og vern av skog på statsgrunn går i eit eige løp som gir gode resultat.

Om bevaring av verdifull natur

Vi har verna mest på fjellet. Den verdifulle naturen i låglandet langs kysten, som myr, våtmark og elvedelta er ikkje godt nok representert i verneområda. Naturfaglege vurderingar har vist at det er naudsynt å verne ca 600 kvadratkilometer av slik viktig natur for å dekke manglane.

Dette arbeidet med å bevare verdifull natur, som tidlegare blei omtalt som "suppleringsvern", har starta opp. I ein innleiande fase utarbeidde Miljødirektoratet ein nasjonal oversikt over kandidatområde som kan dekke manglane i dei eksisterande verneområda.

Nokon trudde nok det no var snakk om nye store verneplanar som Miljødirektoratet ville snik-innføre utan å snakke med kommunar og grunneigarar. Det er ikkje tilfelle. Dette var ein oversikt over område med dei naturfaglege kvalitetane som vi mangla, og som kunne vere aktuelle i seinare verneplanprosessar.

No har det konkrete arbeidet starta i tre fylke: Viken, Rogaland og Trøndelag. Statsforvaltarane i desse fylka skal i dialog med kommunane, finne fram til område som er egna til vern etter naturmangfaldlova. Utgangspunktet er den nasjonale oversikten over kandidatområde. Men når statsforvaltaren og kommunane no skal drøfte konkrete område, kan det òg vere grunnlag for å foreslå alternative område, dersom det gir betre løysingar lokalt.  

Er det naudsynt med fleire nasjonalparkar?

I regjeringsplattforma er det lagt til grunn at vi skal vurdere om vi skal opprette fleire nasjonalparkar. Miljødirektoratet har peika på område som tilfredsstiller dei strenge krava i naturmangfaldlova. No gjer Miljødirektoratet den faglege vurderinga av om det er naudsynt  å opprette nye nasjonalparkar eller utvide eksisterande parkar for å nå dei nasjonale måla for naturmangfald.

Også nasjonalparkane våre skal vere representative for dei ulike naturtypane og dei skal ta vare på trua natur. Eg ser fram til å få den vurderinga i løpet av våren.

Om heilskaplege forvaltningsplanar

Det er ikkje slik at vi vernar all natur som er verdifull i landet.

Arealbruk er ein av dei største truslane mot naturmangfald i Noreg. Landbruket påverkar trua naturtypar. Men vegbygging, bustad- og hyttebygging fører også til at verdifull natur forsvinn eller blir fragmentert.

Regjeringa vil fastsette mål for kva for tilstand norske økosystem skal ha. Vi vil derfor utvikle heilskaplege forvaltningsplanar for natur. No arbeider vi med ein pilot for økosystemet våtmark. Føremålet er å prøve ut korleis vi legg til rette for best mogleg berekraftig bruk og ivaretaking av økosystemet.

Avslutning

Korleis vi forvaltar naturen vår i dag er avgjerande for kva for opplevingar og moglegheiter vi får i morgon.

Utan natur – ikkje noko liv – ikkje for oss, eller for andre artar.

De har ansvaret for at verneområda blir berekraftig forvalta. Dette er krevjande og viktige oppgåver.

Mitt inntrykk er at de løyser oppgåvene på ein god måte.

Lykke til vidare  - og lykke til med konferansen!