Tilleggshøyring om nytt vekstsystem i havbruk

Nærings- og fiskeridepartementet sender i dag ut ei tilleggshøyring om nytt vekstsystem i havbruksnæringa og fleksibilitet mellom produksjonsområde.

Nærings- og fiskeridepartementet sende 24. juni 2016 eit forslag til nytt vekstsystem i havbruksnæringa på høyring. Forslaget innebar blant anna at eit kommersielt matfiskløyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure i sjø berre kan utnyttast i det området løyva er heimehøyrande. Det blei likevel foreslått ulike alternative reglar som gir fleksibilitet utover dette, blant anna eit generelt høve til å utnytte eit løyve innanfor produksjonsområdet den tilhøyrer og eitt tilgrensande produksjonsområde.

Departementet foreslår no eit nytt alternativ som inneber eit generelt tilhøve til å utnytte eit løyve innanfor tre produksjonsområde som grensar til kvarandre, inkludert det området løyva er heimehøyrande i.

Departementet har avgjort å gjennomføre ei forkorta høyring av forslaget. Frist for å gi fråsegn er 6. januar 2017. Les og svar på høyringa her: www.regjeringen.no/id2524267

På grunn av den korte høyringsfristen vil departementet også gjennomføre eit høyringsmøte i sakas høve. Høyringsmøtet blir arrangert 5. januar kl. 12.00-13.30 i Nærings- og fiskeridepartementet sine lokale.