Forsida

Tilråding om strategi for bevaring av kyrkjer er overlevert til regjeringa

Dei kulturhistorisk viktige kyrkjene i Noreg skal setjast istand og sikrast. I fjor gav regjeringa derfor Riksantikvaren, i samarbeid med Den norske kyrkja, i oppdrag å utarbeide ei fagleg tilråding om korleis ein nasjonal plan for bevaringsarbeidet bør innrettast. No er tilrådinga klar og i dag vart den overlevert til regjeringa.

– Dagen i dag er ein milepel for kyrkjene som kulturminne. Drift og vedlikehald av kyrkjebygga er kommunane sitt ansvar, men fordi etterslepet i vedlikehaldet har vorte så stort har Stortinget gjennom ei årrekke peika på behovet for at staten må komme sterkare på bana. No har vi ein historisk moglegheit gjennom delinga av Opplysningsvesenets fond. Og i dag har eg fått overlevert ein rapport som tilrår korleis vi bør organisere arbeidet med å setje i stand bortimot 1000 freda og listeførte kyrkjebygg, seier trus- og livssynsminister Kjersti Toppe (Sp).

Rapporten frå Riksantikvaren og Den norske kyrkja tilrår at det blir utforma ein nasjonal bevaringsstrategi med tre tilhøyrande bevaringsprogram. Bevaringsprogramma er inndelt etter alder på kyrkjene: Eitt program for middelalderkyrkjene, eitt for kyrkjer frå 1537–1850 og eitt for kyrkjer etter 1850.

Til kvart av bevaringsprogramma vil det følgje fire innsatsområde: Bevaring (istandsetjing, sikring og konservering), kunnskap og kompetanse, oppleving og formidling, og engasjement og deltaking. Hovedinnsatsområdet vil vere bevaring, men dei øvrige innsatsområda vil vere svært viktige for å nå målet om å bevare  kyrkjebygga både på kort og lang sikt.

– Den faglege anbefalinga frå Riksantikvaren og Den norske kyrkje gjev eit godt grunnlag for å vurdere bevaringsarbeidet for kyrkjene i framtida. Vi er opptatt av å ta vare på eit mangfald av kulturmiljø, og at kulturmiljø kan være ein ressurs i samfunnsutviklinga. Gjennom dette arbeidet vil vi leggje til rette for istandsetjing av dei kulturhistoriske kyrkjene og til engasjement, oppleving og formidling av kulturarven. Arbeidet gjev moglegheit til å tenkje nytt og å sjå verkemiddel i samanheng, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap).

Basert på tilrådingane skal no Barne- og familiedepartementet og Klima- og miljødepartementet utarbeide ein nasjonal bevaringsstrategi. Målet er at denne skal vere klar i løpet av første halvår 2023.

Bevaringsarbeidet vil truleg måtte gå over ein lang tidshorisont. Kor lang denne tidshorisonten vil og bør vere, avheng av mellom anna marknaden og dei antikvariske fagmiljøa sin kapasitet og evne til å gjennomføre istandsettinga, og den årlege finansieringa frå både stat og kommune.

Les rapporten her.

Overrekkelse av rapport
Statsråd Kjersti Toppe mottar rapporten om bevaringsstrategi for kulturhistorisk viktige kirker av riksantikvar Hanna Geiran (midten) og direktør i Kirkerådet, Ingrid Vad Nilsen (t.h.). Foto: Barne- og familiedepartementet