Statsbudsjettet 2026
Tre konkrete budsjettgrep for betre og meir tilgjengelege allmennlegetenester
Nyheit | Dato: 15.10.2025 | Sist oppdatert: 20.10.2025 | Helse- og omsorgsdepartementet
Regjeringa foreslår å løyve 115 millionar kroner på grep som vil fornye, forsterke og forbetre den offentlege allmennlegetenesta. I tillegg vil regjeringa at 16- og 17-åringar skal sleppe å betale hjå fastlegen og på legevakt.
– Vi jobbar for at den offentlege allmennlegetenesta skal vere førstevalet for innbyggarane også i framtida. Då må vi fornye, forsterke og forbetre tenestene. Det gjer vi med dette forslaget til statsbudsjett, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.
Vestre peiker på tre konkrete forslag i statsbudsjettet for 2026:
– Vi vil løyve 65 millionar kroner på å prøve ut kommunal nettlege, slik at folk kan få legetime digitalt med ein annan kommunal lege viss fastlegetimen ikkje passar.
– Vi vil løyve 50 millionar kroner for å styrke fastlegekontora med tverrfaglegheit, slik at pasientane kan få hjelp frå sjukepleiar i tillegg til fastlegen og helsesekretæren ved fastlegekontoret. Det betyr også at oppgåver betre kan fordelast mellom helsepersonellgrupper.
– I tillegg vil vi at det skal vere gratis for 16- og 17-åringar å gå til fastlegen eller på legevakta, slik at ungdom kan få helsehjelp uavhengig av økonomi – og utan at føresette blir involverte.
Tidsriktige tenester med kommunal nettlege
Stortinget løyvde 50 millionar kroner til utprøving av kommunal nettlege i revidert nasjonalbudsjett 2025. Regjeringa foreslår å løyve om lag 83 millionar kroner på ordninga i 2026. Dette er ei styrking på 65 millionar kroner samanlikna med saldert budsjett for 2025. Ordninga går ut på at innbyggarar kan få digital konsultasjon med ein annan lege kommunen har avtale med, dersom fastlegen ikkje har kapasitet eller timen du kan få ikkje passar.
– Folk flest er digitale i 2025, og forventar at også allmennlegetenesta er det. Ordninga med kommunal nettlege bidrar til at dei offentlege allmennlegetenestene er meir tidsriktige, tilgjengelege og fleksible, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.
Ein tar sikte på at ordninga skal prøvast ut i inntil 20 kommunar. Utprøvinga vil bli evaluert grundig og regjeringa vil hente erfaringar før eventuell vurdering av vidare utrulling av ordninga.
Fleirfaglege fastlegekontor
Regjeringa foreslår å auke løyvinga til folketrygda med 50 millionar kroner. Auka skal finansiere konsultasjonar ved fastlegekontoret som fastlegen har delegert til sjukepleiar.
– I framtida må helsepersonell kunne ta hand om fleire pasientar og brukarar enn i dag, ein viktig del av omstillinga er å legge til rette for god oppgåvedeling mellom fagfolka våre. Vi må også legge til rette for at helsehjelp kan bli gitt nær der folk bur, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.
– Derfor foreslår vi å auke løyvinga til folketrygda slik at fastlegane skal få refusjon for konsultasjonar delegert til sjukepleiar ved fastlegekontoret. Endringa vil legge til rette for at sjukepleiarar kan bidra meir i pasientbehandlinga ved fastlegekontora, og er eit første steg i retning av ein fastlegeteneste med oppgåvedeling og tverrfagleg samarbeid, seier Vestre.
Gratis legehjelp for 16- og 17-åringar
Regjeringa vil innføre fritak for eigenandelar ved allmennlegetenester for 16- og 17-åringar, som betyr at det vil bli gratis å gå til fastlegen og få hjelp på legevakta.
– Økonomi skal ikkje vere til hinder for at ungdom søker helsehjelp i ein utsett periode i livet. Utan eigenandel blir terskelen for å søke hjelp lågare, og ein kan få hjelp og behandling tidlegare, før eventuelle plager blir større og verre enn dei treng å bli, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.
– Ungdom i denne alderen vil ofte ha behov for pengar frå føresett eller vere avhengig av økonomien til føresette for å betale eigenandel i helsetenesta. Dette er også eit tiltak for at ungdommane sin rett til å oppsøke helsetenesta utan at føresette blir informerte skal vere reell, seier Vestre.
Måndag 20. oktober kl 13.20 blei teksten i denne nyheita om beløpet som blir foreslått løyva til kommunal nettelege neste år, endra frå 65 millionar kroner til det korrekte beløpet som er om lag 83 millionar kroner.