- Teater Ibsen har ikkje late mangelen på fullverdige lokale stoppe den kunstnariske utviklinga og drifta. Teateret har hatt ei fullgod drift i alle desse åra, og har teke i bruk heile huset i den kunstnariske verksemda. Med ei ekstra scene vil teateret få eit endå større handlingsrom, betre arbeidsvilkår og ei meir effektiv drift, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja.

Teateret har lenge jobba for å få på plass eit godt og realiserbart skisseprosjekt for bygging. Skisseprosjektet er snart ferdig, og når teateret no får finansiering, vil det vere mogleg å starte bygginga til våren og å bli ferdig allereie hausten 2021.

Teater Ibsen, regionteater for Vestfold og Telemark, måtte i 2010 flytte til nye, provisoriske lokale på Klosterøya i Skien. Lokala blei bygde om for å bli permanente i 2015, men innanfor den vedtekne kostnadsramma på det tidspunktet, var det ikkje rom for å byggje ein prøvesal/ei scene 2. I alle desse åra har derfor Teater Ibsen stått utan prøvesal.