Tre nasjonale klonbankar skal sikra norske matgen for framtida
Nyheit | Dato: 09.02.2026 | Landbruks- og matdepartementet
Noreg har nyleg fått tre nasjonale klonbankar. Desse skal bidra til å sikra norsk genmateriale og dermed norsk matsikkerheit.
Å bevara genetisk mangfald ein viktig del av FNs berekraftsmål. Det er og inngått fleire internasjonale avtalar som Noreg har forplikta seg til å følgja opp.
– Alle land er avhengige av genressursar frå matplanter i andre land. Difor er internasjonalt samarbeid viktig. Dette er også nyttig for Noreg, når vi skal foredle fram sortar som er tilpassa klimaet vårt. seier landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen.
Dei nasjonale klonbankane blei lanserte i 2025 og 2026.Det er NIBIO Ås som har fått hovudansvaret for potet. NIBIO Landvik og NIBIO Apelsvoll skal ta vare på klonar av ei rekkje grønsaker og urter, medan Njøs frukt- og bærsenter har fått ansvar for hovudsamlingane av frukttre og bærbuskar. Totalt er det 27 ulike klonsamlingar i Noreg.
– Dei fleste nasjonar har forplikta seg til å ta vare på genmangfaldet innan matvekstar som er særskilde for landet sitt. Vi jobbar jamt og trutt for å sikra det norske bevaringsarbeidet, og det siste vi har gjort er å etablera tre nye klonbankar for høvesvis potet, einskilde grønsaker og urter samt frukt og bær, seier Sandtrøen.
Målet med genbankane er at dei skal sørgja for at samlingane er sikra, slik at plantematerialet held seg så friskt som mogleg. Klonbankane skal òg etablera samarbeid med andre aktørar, slik at det finst «backup» av alle sortar på minst ein annan stad.