Tre nye Michelin-restaurantar
Nyheit | Dato: 03.06.2026 | Sist oppdatert: 04.06.2026 | Landbruks- og matdepartementet
Måndag 1. juni vart årets Michelin-stjerner til dei nordiske restaurantane delt ut i København. Noreg har fått tre nye Michelin-restaurantar: Kvitnes Gård, Credo og Mirabelle by Ørjan Johannessen. I tillegg fekk restauranten Gaptrast si andre stjerne, etter å ha fått si fyrste i 2025.
– Gratulerer til dei norske restaurantane som har fått Michelin-stjerner! Det er hardt arbeid over lang tid som ligg bak. Det er gledeleg å sjå at vi får fleire og fleire restaurantar både i byane og lokalsamfunn som utmerker seg. Verdiskapinga og matopplevingar med bruk av lokale og norske råvarer vert løfta ytterlegare av desse bedriftene og kokkane, seier landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen (Ap).
Noreg har no totalt 23 restaurantar med Michelin-stjerner, og to som har tre stjerner og to med to stjerner.
– Dette viser at Noreg for alvor har vorte ein matnasjon som vert lagd merke til. Michelin-utmerkingane synleggjer ikkje berre enkeltrestaurantar, men òg norsk matproduksjon, råvarekvalitet og verdiskaping i heile landet vårt.
Totalt er 51 norske restaurantar omtalte i Michelin-guiden. I tillegg til restaurantar med stjerner er det Bib Gourmand-restaurantar (god mat til ein rimeleg pris) og andre anbefalte restaurantar utan stjerne.
Restaurantar med Michelin-stjerner:
Ei stjerne
- Credo, Oslo
- Kvitnes Gård (Kvitnes)
- Mirabelle by Ørjan Johannessen (Bekkjarvik)
- Stallen (Oslo)
- Bar Amour (Oslo)
- Mon Oncle (Oslo)
- À l’aise (Oslo)
- Sabi Omakase (Oslo)
- Statholdergaarden (Oslo)
- Savage (Oslo)
- Hermetikken (Stavanger)
- Lysverket (Bergen)
- Iris (Rosendal)
- Fagn (Trondheim)
- Sabi Omakase (Stavanger)
- Under (Lindesnes)
- Speilsalen (Trondheim)
- K2 (Stavanger)
- Omakase by Sergey Pak (Bergen)
To stjerner
- Kontrast (Oslo)
- Gaptrast (Bergen)
Tre stjerner
- Maaemo (Oslo)
- Re-Naa (Stavanger)