Tryggare kraftsituasjon – framleis høge prisar

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Nye analysar frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) viser at sjølv om vinteren skulle bli kald og me får problem i kraftsystemet, vil me ikkje få kraftrasjonering til våren. Samtidig er situasjonen i den europeiske kraftmarknaden framleis usikker. Det er venta at prisnivået framleis vil liggje høgt.

– Eg er glad for at NVEs analyse viser at me ikkje står i fare for å få kraftrasjonering til våren. Det er godt å sjå at rapporteringsordninga regjeringa innførte i sommar har fungert, men produsentane må likevel vere klar over ansvaret dei har gjennom vinteren, seier olje- og energiminister Terje Aasland.

I juli vart det innført ei rapporteringsordning for dei store vasskraftprodusentane i Sør-Noreg, der dei kvar veke må rapportere korleis dei brukar vassmagasina. Dette vart gjort for å få betre oversikt over produksjonen av regulerbar kraft.

Kraftprodusentane har halde igjen på produksjonen i haust. Den svært låge produksjonen, kombinert med import av kraft og meir nedbør enn normalt, har gitt ein sterk auke i fyllingsgraden i det sørlege Noreg gjennom hausten.

At NVEs analysar viser at me ikkje står i fare for å koma i ein rasjoneringssituasjon, betyr ikkje nødvendigvis at prisane vert lågare. Struping av russisk gasseksport medfører at det framleis er for lite energi tilgjengeleg i den europeiske kraftmarknaden. Det skaper ein framleis usikker situasjon, og direktoratet forventar eit høgt prisnivå også framover. NVE peikar også på at effektsituasjonen kan bli krevjande dersom det blir veldig kaldt.

– Sjølv om utviklinga for kraftsituasjonen i Noreg har gått rett veg dei siste vekene, bør me vere førebudde på at energikrisa i Europa blir langvarig og at prisane blir høge. Det er tøft for alle når straumen er dyr, og difor stiller staten opp med straumstøtte til hushaldningane. Den bidrar til at folk får lågare straumrekningar, samtidig som den oppmuntrar til å spare på straumen, seier Aasland.

– Situasjonen med kjernekraftverk ute av drift i Sverige understrekar at enkelthendingar kan påverke kraftsituasjonen framover. Likevel er situasjonen i Noreg langt betre no enn for nokre månader sidan, seier Aasland.