frødeponering svalbard 2026
Landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen og generalsekretær Karen Ellemann i Nordisk Ministerråd under frødeponeringen på Svalbard oktober 2026. Foto: NordGen

Denne veka vart dørene til Svalbard globale frøkvelv opna for siste gong i år. I denne deponeringa lagra Ukraina 773 frøprøver, mellom anna ulike variantar av solsikke, korn, bokkveite og fôrvekstar. Dette er den første sendinga frå landet til frøkvelvet sidan 2012.

frødeponering 2026 oktober
Ukraina deponerte 773 frøprøver under deponeringa i oktober 2026. Midt i bildet er frøkvelvskoordinator Fuad Gasi frå NordGen flankert av representantar frå Ukrainas nasjonale senter for genressursar. Foto: NordGen

Ukraina er ein stor jordbruksnasjon og vert ofte omtalt som «Europas brødkorg». Landet forvaltar òg ei særs omfattande og viktig genbanksamling som, ifølgje FAO, omfattar meir enn 150 000 frøprøver. Etter Russlands fullskala invasjon av Ukraina i 2022, kom den nasjonale genbanken i Kharkiv i ein kritisk situasjon då bombing skadde bygningar og infrastruktur. I samarbeid med FAO og Crop Trust, og med økonomisk støtte frå Novo Nordisk Foundation, deltok NordGen i eit hastearbeid våren same året for å støtte den ukrainske genbanken. På eit seinare tidspunkt vart samlinga òg flytta til ein stad vest i Ukraina, langt frå frontlinja.

– Då Noreg etablerte Svalbard globale frøkvelv, var visjonen å skape eit trygt vern for mangfaldet i verdas matvekstar og ein felles ressurs for menneskeslekta. Dagens deponering viser at denne visjonen er meir aktuell enn nokon gong. Land og institusjonar held fram med å stå saman om å verne dei genetiske ressursane som framtidige generasjonar vil vere avhengige av for mattryggleik og motstandskraft. Vi er stolte over å vere partnarar med Crop Trust og NordGen i dette unike globale samarbeidet, seier landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen.

I tillegg til Ukraina sende 20 andre genbankar frå fire verdsdelar til saman meir enn 16 000 frøprøver til frøkvelvet. Kassane inneheldt frøprøver frå land i Asia, Sør-Amerika, Europa og Afrika.

deponering 2026
21 genbankar frå fire verdsdelar deponerte til saman meir enn 16 000 frøprøver til frøkvelveti oktober 2026. Foto: NordGen

Svalbard globale frøkvelv fungerer som ein trygg lagringsstad der verdas genbankar kan oppbevare reservekopiar av dei unike frøsamlingane sine utan kostnad. Desse samlingane er avgjerande for å sikre den globale matforsyninga i framtida. I dag oppbevarer frøkvelvet meir enn 1,4 millionar frøprøver frå over 130 genbankar. Dette gjer Svalbard globale frøkvelv til verdas største sikre lager for mangfaldet av dyrka matvekstar.

Svalbard Globale frøkvelv er etablert og finansiert av den norske staten. Landbruks- og matdepartement samarbeider med NordGen, og Global Crop Diversity Trust om drifta, og mottek rettleiing frå eit eige internasjonalt råd som er oppretta for frøkvelvet.