Ungdom gir innspel for å hjelpe lavinntektsfamiliar

Eit ungdomspanel har laga sin eigen rapport med innspel til kva som skal til for at barn og unge som veks opp med dårleg råd, kan få det betre. Rapporten er no overlevert til barne- og familieminister Ida Lindtveit Røse.

Ungdomspanelet er etablert av Barne- og familiedepartementet som eit ledd i arbeidet med regjeringas samarbeidsstrategi for barn i lavinntektsfamiliar. Strategien skal leggast fram i oktober. Ungdommane har arbeidd sidan februar i år med å sjå på forslag til tiltak som kan vere aktuelle for den nye strategien.

– Vi ynskjer å hente inn kunnskap og erfaring frå ungdom sjølv, som er ekspertar på sine eigne liv. Dei er nærast til å sjå kva som bør gjerast for dei som veks opp i familiar med lav inntekt. Derfor var det viktig for oss å opprette eit ungdomspanel når vi no utarbeidar ein ny samarbeidsstrategi for barn og unge som veks opp i familiar med lavinntekt, seier barne- og familieminister Ida Lindtveit Røse (KrF). 

Innspel på mange områder

I rapporten kjem ungdomspanelets med tilrådingar, tankar og drøftingar på ulike område som skal inngå i regjeringa sin samarbeidsstrategi, slik som økonomi, fritid, skule, arbeidsliv, omsorg, helsetenester, busta/nabolag. Blant innspela er:

  • Ungdomsklubbar er trygge og gode møteplassar, og bør difor få betre økonomiske og juridiske rammer.
  • Betre tilgang på helsesjukepleiar og psykolog i skulen, og ingen eigenandel hos lege og spesialisthelseteneste for barn. Betre hjelp til ungdom og foreldre med rusproblem.
  • Gratis eller svært rimeleg sunn skulemat både i grunnskule og vidaregåande.
  • Elevar bør få betre rettleiing innan utdanningsval og framtidig jobb. Ungdom bør få lære om personleg økonomi, korleis skaffe seg jobb i praksis, og rettar i arbeidslivet.
  • Alle arbeidsgivarar over ein viss storleik bør få plikt til å ha ungdom og lærlingar i jobb. Ungdom bør få større moglegheit for arbeidstrening gjennom kommunen, og det bør opprettast ei eiga nettside for jobbar for ungdom(tilsvarande finn.no).
  • Betre tilgang på sports- og parkanlegg for uorganisert aktivitet.
  • Det bør vere tilbod om foreldrestøtte i alle kommunar, og familievernkontoret bør ha meir kapasitet til familiar med ungdom.

– Eg synast ungdomspanelet kjem med mange nyttige og gode innspel. Regjeringa vil ta med seg desse i det vidare arbeidet med samarbeidsstrategien, seier Røse.

Brei representasjon

Ungdomspanelet består av ti ungdommar i alderen 16–19 år. Deltakarene er foreslått av ungdom sjølv, ved at eit utval av ungdomsråd og ungdomsorganisasjonar rundt om i landet har blitt invitert til å nominere kandidatar.

Ungdomane er rekruttert frå fritidsklubbar og opne møteplassar for ungdom, lokale organisasjonar, lag og foreiningar og ungdomsråd. Det er Bufdir som har satt saman panelet, etter ein lokalt forankra nominasjonsprosess med vekt på balanse når det gjeld region, kommunestørrelse, kjønn og minoritetsbakgrunn.

Les rapporten frå ungdomspanelet.

Statsråden møter ungdomspanelet
Pamela Daniela Gil Gomez (t.h.) og Claudia Almeida Alawi (i midten) overleverte ungdomspanelets rapport til barne- og familieminister Ida Lindtveit Røse.