Utanriksminister Espen Barth Eide besøker Sør-Korea
Pressemelding | Dato: 08.12.2025 | Utanriksdepartementet
Utanriksminister Espen Barth Eide besøker Sør-Korea 16.–17. desember for å styrkje den politiske dialogen med den nye sørkoreanske regjeringa.
Samtalane vil mellom anna dreie seg om felles engasjement for multilateralisme og ein regelbasert internasjonal orden, i ei tid med aukande geopolitisk spenning.
– Sør-Korea er ein likesinna partnar med stor tyding for regional og global tryggleik. Noreg og Sør-Korea deler mange verdiar og interesser knytte til fred, stabilitet og internasjonalt samarbeid, seier utanriksminister Espen Barth Eide.
Besøket vil òg ha fokus på å vidareutvikle partnarskapet med Sør-Korea om handel, grøn industriell omstilling og nye teknologiar, mellom anna kunstig intelligens, samt skape moglegheiter for norsk næringsliv innan sjømat, maritime næringar og energi.
For meir informasjon om besøket eller førespurnad om intervju, kontakt:
Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes
Mobil: +47 932 31 883
E-post: tuva.bogsnes@mfa.no