Fredsavtalen vart signert i september og kom i stand etter mekling frå den austafrikanske samarbeidsorganisasjonen Igad. Noreg har i mange år engasjert seg sterkt for fred i Sør-Sudan, særleg gjennom den såkalla Troikaen (Noreg, Storbritannia og USA) som støtter Igads fredsarbeid.

- Det regionale engasjementet er positivt og naudsynt for at partane skal kunne lukkast. Avtalen vil krevje stor politisk vilje, og tillit må byggjast opp. Vi må støtte opp om fredsavtalen, samtidig som vi stiller klare krav til partane, seier utanriksminister Eriksen Søreide.    

Dei fem siste åra har den brutale krigen i Sør-Sudan skapt ei humanitære katastrofe av enormt omfang. Landet er difor eit av regjeringas satsingsland for sårbare statar. Noreg ga om lag 335 millionar kroner i humanitær støtte til Sør-Sudan i fjor, og om lag 600 millionar kroner i samla bistand.

- Krigen har gjort Sør-Sudan til ei av dei største humanitære krisene i verda. Samstundes er Sør-Sudan eit farlig land å gjere hjelparbeid i. Partane i konflikten må gje hjelpearbeidarane trygg og uhindra humanitær tilgang, seier Eriksen Søreide.    

Eriksen Søreide møtte mellom anna presidenten, 1. visepresident og utanriksministeren i Sør-Sudan under opphaldet. Ho opna også ein konferanse om kvinners deltaking i fredsprosessen. I tillegg møtte ho norske militære og politi som deltar i FNs fredsoperasjon i Sør-Sudan, Unmiss, og vitja ein skule for born som er internt fordrivne.

Pressekontakt: Frode Overland Andersen, 917 22 0222