Utanriksministeren til Brussel for EØS-rådsmøte
Pressemelding | Dato: 05.11.2026 | Utanriksdepartementet
Utanriksminister Espen Barth Eide besøker Brussel 17. november for å delta på det halvårlege møtet i EØS-rådet.
EØS-rådet er det øvste samarbeidsorganet mellom EU og dei tre EØS/EFTA-landa Noreg, Island og Liechtenstein. Rådet møtest to gonger i året for å diskutere aktuelle EØS-saker.
På dagsordenen står mellom anna status for EØS-samarbeidet, inkludert arbeidet med å redusere etterslepet av rettsakter i EØS-avtalen. Deltakarane skal også diskutere korleis digitalisering kan styrke konkurransekrafta og veksten i den indre marknaden. Europakommisjonen vil vere representert ved handelskommissær Maroš Šefčovič. Irland har formannskapet i EU og deltek ved statssekretær for europeiske saker og forsvar Thomas Byrne.
Eide skal òg ha eigne møte med Šefčovič og Byrne. Han deltek i tillegg på eit sidearrangement om korleis europeiske land kan styrke si demokratiske motstandskraft.
I den uformelle politiske dialogen mellom EØS/EFTA-landa og EU skal deltakarane diskutere Arktis, Midtausten og Russlands krig mot Ukraina.
Akkreditering: EØS-rådsmøtet blir halde i EFTA House. Det blir bildesesjon kl. 13.25 og fotomoglegheit ved starten av møtet kl. 13.30. Media må akkrediterast av EFTA-sekretariatet innan torsdag 12. november kl. 12:00. Kontakt kommunikasjonsansvarleg Ásdís Ólafsdóttir på e-post: asdis.olafsdottir@efta.int eller telefon: +32 498 11 05 41
Pressetilgjenge: Utanriksministeren vil vere tilgjengeleg for media. For meir informasjon om reisa eller intervjuavtalar, kontakt kommunikasjonsrådgivar Emil Bremnes (med på reisa) på e-post: emil.bremnes@mfa.no eller telefon: +47 47 88 17 19.