Utdrag frå energiminister Terje Aaslands kalender for veke 10
Pressemelding | Dato: 27.02.2026 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det kan skje endringar i programmet på kort varsel.
Tysdag 3. mars
Kl. 08.30: Energiminister Terje Aasland deltek på frukostmøte i regi av Offshore Norge, der det skal presenterast ein rapport om energisikkerheit i ei ny tid. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Kl. 13.00: Energiminister Terje Aasland har møte med Tromsø kommune, Karlsøy kommune og Troms fylkeskommune. Tema for møtet er kraftsituasjonen i Tromsø. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Kl. 18.00: Energiminister Terje Aasland er vert for ein middag med Stortingets energi- og miljøkomité. Middagen går føre seg i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.
Onsdag 4. mars
Kl. 11.30: Energiminister Terje Aasland er til stades i den ordinære spørjetimen i Stortinget. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Kl. 15.30: Energiminister Terje Aasland og digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung har møte med Fyresdal kommune og EdgeConneX. Tema for møtet er planane for etablering av datasenter i Fyresdal. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på info@ed.dep.no eller pressevakta i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet på presse@dfd.dep.no.
Kl. 17.00: Energiminister Terje Aasland deltek på Telemarkskveld i Oslo. Arrangementet går føre seg på Trekanten. Adresse: Pilestredet 24, Oslo. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Torsdag 5. mars
Kl. 10.00: Energiminister Terje Aasland er i Stortinget i samband med behandlinga av saker på energifeltet. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Fredag 6. mars
Kl. 08.30: Energiminister Terje Aasland deltek på ein toppleiarkonferanse for den nordiske fornybarnæringa. Konferansen går føre seg på Lysebu i Oslo. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.