Onsdag 21. mai
Energiminister Terje Aasland er i Warszawa i Polen, der han møter den polske klima- og energiministeren Paulina Hennig-Kloska. Dei to skal signere ein avtale om ein strategisk energipartnarskap mellom Noreg og Polen. Partnarskapen vart annonsert då Polens statsminister Donald Tusk besøkte Noreg i januar i år. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.


Fredag 23. mai
Kl. 08.30: Energiminister Terje Aasland deltek på ein arbeidsfrukost med EU-landa sine ambassadørar til Noreg. Tema for møtet er samarbeidet mellom Noreg og EU, og aktuelle energipolitiske saker.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.