Utdrag frå energiminister Terje Aaslands kalender for veke 23
Pressemelding | Dato: 29.05.2026 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det kan skje endringar i programmet på kort varsel.
Måndag 1. juni
Kl. 10.00: Energiminister Terje Aasland deltek på Industriuka 2026 i Grenland. Stad: Kulturhuset Ælvespeilet i Porsgrunn. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Tysdag 2. juni
Kl. 13.00: Energiminister Terje Aasland har møte med Tensio, Lnett, Elvia, Glitre, BKK og Fagne, der han får ei orientering om pilotprosjektet med energikoordinatorar i nettselskapa. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Kl. 14.15: Energiminister Terje Aasland har eit digitalt møte med Trøndelag fylkeskommune. Tema for møtet er kraft- og nettsituasjonen. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Fredag 5. juni
Kl. 09.00: Energiminister Terje Aasland tek imot rapporten frå den partssamansette arbeidsgruppa som har vurdert risikotilstanden på sokkelen. Påmeldingsfristen for presse er 4. juni kl. 16. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.