Utdrag frå energiminister Terje Aaslands kalender for veke 36
Pressemelding | Dato: 29.08.2025 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det kan skje endringar i programmet på kort varsel.
Måndag 1. september
Kl. 14.00: Energiminister Terje Aasland besøkjer Rødberg i Buskerud, der han får ei orientering om planane om moderniseringa av kraftverka Nore I og Nore II.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Tysdag 2. september
Kl. 11.00: Energiminister Terje Aasland besøkjer campus Bø ved Universitetet i Sørøst-Norge, der han blant anna skal halde ei gjesteførelesing om energipolitikk. Stad: Gullbringvegen 36, Bø.
Kl. 18.00: Energiminister Terje Aasland deltek på medlemsmøte i Grenland Næringsforening. Stad: ENRX, Bøleveien 4B, Skien.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Onsdag 3. september
Kl. 19.00: Energiminister Terje Aasland deltek på ein politisk debatt i Porsgrunn.
Stad: Kulturhuset Ælvespeilet, Storgata 164. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Torsdag 4. september
Kl. 09.30: Energiminister Terje Aasland deltek på haustmøtet til elektrokjemisk samarbeidskomite i Forbundet Styrke i Farsund. Stad: Farsund Fjordhotell. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.