Utdrag frå energiminister Terje Aaslands kalender for veke 49
Pressemelding | Dato: 28.11.2025 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det kan skje endringar i programmet på kort varsel.
Måndag 1. desember
Kl. 14.15: Energiminister Terje Aasland har møte med den nye Energi- og miljøkomiteen på Stortinget. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Tysdag 2. desember
Kl. 10.00: Energiminister Terje Aasland deltek og held innlegg på Fornybar Norges nettkonferanse. Konferansen går føre seg på Quality Hotel Fredrikstad. Adresse: Nygata 2-6, Fredrikstad. Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Margrete Løbben Hanssen, telefon 92 85 78 91, e-post margrete-lobben.hanssen@ed.dep.no.
Kl. 12.30: Energiminister Terje Aasland besøkjer Rudskogen næringspark i Rakkestad, der han møter lokale bedrifter som er ein viktig del av leverandørindustrien til energibransjen. Adresse: Rudskogenveien 61, Rakkestad. Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Margrete Løbben Hanssen, telefon 92 85 78 91, e-post margrete-lobben.hanssen@ed.dep.no.