Utdrag frå olje- og energiminister Terje Aaslands kalender for veke 13

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 28. mars

Kl. 10.00: Olje- og energiministeren tek imot den offentlege utgreiinga frå Gjerdrumutvalet. Utvalet har vurdert tiltak for å styrkje førebygginga av kvikkleireskred i heile landet. Fleire detaljar om pressekonferansen finn du her.

Pressekontaktar er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@oed.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ingrid Lønrusten Rogstad, telefon 93 48 92 25, e-post ilr@oed.dep.no.

Kl. 13.00: Olje- og energiministeren møter Kosovo sin statsminister Albin Kurti. Tema for møtet er energi og norsk ressursforvaltning.

Kl. 15.00: Olje- og energiministeren møter LO-leiar Peggy Hessen Følsvik og NHOs administrerande direktør Ole Erik Almlid for å diskutere kraftsituasjonen. Møtet går føre seg hjå LO.

Kl. 16.00:  Olje- og energiministeren møter leiinga i LO, Fellesforbundet, El & IT forbundet, og forbundet Industri og Energi for å diskutere kraftsituasjonen. Møtet går føre seg hjå LO

Onsdag 30. mars

Kl. 14:00: Olje- og energiministeren er i Stortinget i samband med at den Ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj held ein videooverført tale. 

Torsdag 31. mars

Kl. 09.00: Olje- og energiministeren held eit innlegg på Energi Norges Vinterkonferanse, på Clarion Hotel The Hub i Oslo. Om kvelden deltek han på Energi Norges festmiddag.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.