Utdrag frå olje- og energiminister Terje Aaslands kalender for veke 17

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 24. april

Statsminister Jonas Gahr Støre og olje- og energiminister Terje Aasland deltek på The North Sea Summit i Oostende i Belgia. Tema for konferansen er samarbeid om fornybar energi i Nordsjøen.
Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.

Pressekontakt for olje- og energiministeren er kommunikasjonsrådgivar Henrik Hoel, telefon 48 13 61 94, e-post henrik.hoel@oed.dep.no.

Tysdag 25. april

Kl. 15.00: Olje- og energiminister Terje Aasland inviterer til pressemøte i samband med at Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har identifisert nye område for fornybar energiproduksjon til havs.

Pressemøtet går føre seg på Mesh i Møllergata 6 i Oslo. Me ber pressefolk om å melde seg på til info@oed.dep.no  innan tysdag 25. april kl. 12.00.

Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.  

Pressekontaktar er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@oed.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Stine Grimsrud, telefon 97 19 42 50, e-post stgr@oed.dep.no.

Onsdag 26. april

Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på Barentshavkonferansen i Hammerfest, der han skal halde innlegg og delta i ein dialogsamtale på scenen. Han besøkjer også Hammerfest videregående skole, der han blant anna skal møte elevar på teknologi- og industrifag.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Benedicte Øhren Danielsen, telefon 92 43 66 40, e-post bd@oed.dep.no.

Torsdag 27. april

Kl. 09.00: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på landsstyremøte i Arbeidarpartiet.

Fredag 28. april

Olje- og energiminister Terje Aasland besøkjer Østfold. Programmet ser foreløpig slik ut:

  • Kl. 09.00: Besøk til Kronos Titan. Adresse: Titangata 1, Gamle Fredrikstad.
  • Kl. 10.50: Besøk til Østfold Energi. Adresse: Kalnesveien 5, Grålum.
  • Kl. 12.55: Besøk til Hafslund Eco. Adresse:  Øyveien 2, Hafslundsøy.
  • Kl. 13.20: Besøk til Smart Innovation Norway. Adresse: Håkon Melbergs vei 16, Halden.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.