Pressemøte om nye område for fornybar energiproduksjon til havs

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fått i oppdrag frå Olje- og energidepartementet å identifisere nye område for fornybar energiproduksjon til havs. Tysdag 25. april presenterer NVE arbeidet sitt for olje- og energiministeren på eit pressemøte i Oslo.

Nett-tv Pressemøte om nye område for fornybar energiproduksjon til havs

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Oppdraget med å identifisere nye område for havvind er gjennomført av NVE i samråd med fleire andre direktorat. Fleire av desse kjem til å vere til stades på pressemøtet og vil vere tilgjengelege for intervju. Det er Fiskeridirektoratet, Miljødirektoratet, Kystverket, Oljedirektoratet, Petroleumstilsynet og Forsvarsbygg.

Tid: Tysdag 25. april kl. 15.30. Oppmøte for presse frå kl. 15.00.

Stad: Pressemøtet går føre seg på Mesh i Møllergata 6 i Oslo.

Påmelding til info@oed.dep.no innan tysdag 25. april kl. 12.00.

Presse som ikkje har høve til å vere til stades på pressemøtet kan sende inn spørsmål til info@oed.dep.no med teksten «Havvind» i emnefeltet. Avsendar-adressa må vere registrert hjå eit mediehus eller oppgi frilansoppdrag. Me kan ikkje garantere at det blir tid til å stille alle spørsmåla på pressemøtet.

Olje- og energidepartementet legg til rette for deling av foto og video. Foto til fri bruk blir publisert på Flickr. Pressekonferansen blir filma av Sikkerheits- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringa.no. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende pressekonferansen direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.

Pressekontaktar i Olje- og energidepartementet er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@oed.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Stine Grimsrud, telefon 97 19 42 50, e-post stgr@oed.dep.no.

Pressekontakt i NVE er kommunikasjonsrådgivar Mette Vinther Talberg, telefon 99 69 69 82, e-post mvt@nve.no.