Utdrag frå olje- og energiminister Terje Aaslands kalender for veke 21

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 22. mai
Olje- og energiminister Terje Aasland besøkjer Fauske og Sørfold i Nordland. Programmet ser foreløpig slik ut:

Kl. 11.10: Besøk til Salten Kraftsamband (SKS) på Fauske, der statsråden også møter representantar for anna næringsliv i regionen.

Kl. 13.30: Besøk til Elkem Salten. Stad: Straumen, Sørfold.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

Tysdag 23. mai
Kl. 09.00: Olje- og energiminister Terje Aasland har møte med Stephan Weil, statsminister i delstaten Niedersachsen i Tyskland. I møtet vil dei diskutere aktuelle energispørsmål. Møtet går føre seg i Olje- og energidepartementet i Oslo.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

Kl. 10.30: Olje- og energiminister Terje Aasland har møte med Belgias energiminister Tinne Van der Straeten. Tema for møtet er havvind og andre aktuelle energispørsmål.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

Onsdag 24. mai
Kl. 11.30: Olje- og energiminister Terje Aasland er til stades i den ordinære spørjetimen i Stortinget.

Torsdag 25. mai
Kl. 10.00: Olje- og energiminister Terje Aasland er i Stortinget i samband med behandlinga av saker på energifeltet.

Fredag 26. mai
Olje- og energiminister Terje Aasland besøkjer Stranda på Sunnmøre, der han får ei orientering frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) om overvaking og varsling av fjellskred og om det ustabile fjellpartiet Åkneset.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.