Utdrag frå olje- og energiminister Terje Aaslands kalender for veke 25

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 20. juni

Kl. 09.00: Olje- og energiministeren besøkjer Gassnova. Gassnova jobbar blant anna med å forvalte statens interesser knytta til CO2-handtering. Adresse: Dokkvegen 10, Porsgrunn.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

 

Kl. 17.00: Olje- og energiministeren har møte med Energi Norge, i Olje- og energidepartementet.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

Onsdag 22. juni og torsdag 23. juni

Olje- og energiministeren er i Brussel. Onsdag kveld deltek han på ei markering av Equinors 50-årsjubileum. Torsdag skal han delta på Northern Lights Summit. I tillegg møter han EU-kommisjonens visepresident Frans Timmermans, den belgiske energiministeren og norske aktørar i Brussel.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@oed.dep.no.

 

Fredag 24. juni

Kl. 08.00: Olje- og energiministeren inviterer nettselskap og bransjeorganisasjonar til innspelsmøte om utgreiinga frå Straumnettutvalet. Møtet går føre seg i Olje- og energidepartementet i Akersgata 59 (R5).

Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar seinast kl. 07.45. Etter møtet, om lag kl. 09.30, er deltakarane tilgjengelege for presse. Oppmøte seinast kl. 09.15.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ingrid Lønrusten Rogstad, telefon 93 48 92 25, e-post ilr@oed.dep.no.