Utdrag frå olje- og energiminister Terje Aaslands kalender for veke 4

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 23. januar
Olje- og energiminister Terje Aasland besøkjer Trøndelag.

Kl. 11.30: Besøk til Lierne Gjestegård og Jule næringspark, der han skal lære meir om korleis nettselskapa handterer kapasitetsmangel i kraftnettet. Stad: Lierne kommune.

Kl. 14.30: Besøk til Nedre Fiskumfoss kraftverk, som nyleg har blitt oppgradert. Stad: Nedre Fiskumfoss, Grong.

Kl. 17.30: Statsråden deltek på eit ope møte i regi av Namsos Arbeidarparti.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Jo Henrik Jarstø, telefon 99 55 75 23, e-post jo-henrik.jarsto@oed.dep.no.

 

Tysdag 24. januar
Kl. 10.00: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på LOs olje- og gasskonferanse.
Konferansen går føre seg på Quality Hotell Edvard Grieg i Bergen.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Stine Grimsrud, telefon 97 19 42 50, e-post stine.grimsrud@oed.dep.no.

 

Kl. 14.30: Olje- og energiminister Terje Aasland er i Høyanger, der han blant anna skal besøkje Hydro og få ei omvising på anlegget. Stad: Storgata 1, Høyanger.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Stine Grimsrud, telefon 97 19 42 50, e-post stine.grimsrud@oed.dep.no.

 

Torsdag 26. januar
Kl. 10.00: Olje- og energiminister Terje  Aasland og barne- og familieminister Kjersti Toppe har  invitert representantar for straumbransjen, tilsynsmyndigheiter, Elklagenemda og Forbrukarrådet til eit møte om forbrukarmarknaden for straum.

Møtet går føre seg på Oslo Kongressenter. Adresse: Youngs gate 21, Oslo. Det er mogleg å fotografere ved oppstarten av møtet. Oppmøtet for fotografar kl. 09.45. Etter møtet, om lag kl. 11.45, er møtedeltakarane tilgjengelege for presse. 

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no eller pressevakta i Barne- og familiedepartementet på 97 77 36 34, e-post media@bfd.dep.no.

 

Kl. 18.00: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på eit arrangement i regi av tankesmia Agenda, der han skal vere med i ein debatt om framtidas energipolitikk. Arrangementet går føre seg på Kulturhuset i Oslo. Adresse: Youngs gate 6.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

 

Fredag 27. januar
Kl. 09.00: Olje- og energiminister Terje Aasland møter Kinn kommune og Energisenter Florø. Tema for møtet er havvind. Møtet går føre seg i Olje- og energidepartementet.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

 

Kl. 13.00: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på eit digitalt seminar om straumsparing og energieffektivisering i kommunane. Seminaret blir arrangert av Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), KS og Norsk Kommunalteknisk Forening.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.