Presseinformasjon:
Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 36
Pressemelding | Dato: 29.08.2025 | Utanriksdepartementet
Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 36, 2025.
Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar blir kunngjorde i kalenderen på regjeringa.no.
Utanriksministeren og utviklingsministeren har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Utanriksministeren har i tillegg audiens hos kongen på Slottet kvar veke og jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Utanriksminister Espen Barth Eide
Måndag 1. september
Kl. 14.00: Utanriksminister Espen Barth Eide held eit foredrag på Førde vidaregåande skule. Stad: Førde, Vestland.
Kl. 16.00: Utanriksminister Espen Barth Eide besøkjer Elkem. Stad: Svelgen, Vestland.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Tysdag 2. september
Kl. 12.00: Utanriksminister Espen Barth Eide held eit foredrag på Skien vidaregåande skule. Stad: Skien, Telemark.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Fredag 5. september
Utanriksminister Espen Barth Eide held ei forelesing om europeisk tryggleik ved Universitetet i Bergen. Stad: Bergen, Vestland.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik
Torsdag 4.–5. september
Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik deltek på eit høgnivåmøte i Mexico om FN-reform med tverregionale dialogpartnarar. Stad: Mexico by, Mexico.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Eivind Vad Petersson
Torsdag 4. september
Statssekretær Eivind Vad Petersson deltek på Beredskapskonferansen i Aust-Finnmark. Stad: Kirkenes
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Stine Renate Håheim
Tysdag 2. september
Kl. 13.00: Statssekretær Stine Renate Håheim har eit møte med Satu Santala, administrerande direktør (Managing Director) i Nordic Development Fund (NDF). Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Tordag 4. september
Kl. 10.00: Statssekretær Stine Renate Håheim deltek på eit arrangement om bistand og kvinner sine kår i utviklingsland, arrangert av Utviklingsfondet og Norges Bygdekvinnelag. Stad: Landbrukets hus, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Fredag 5. september
Statssekretær Stine Renate Håheim deltek på eit møte mellom dei nordiske utviklingsministrane. Stad: Helsinki, Finland.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.