Presseinformasjon:

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 42

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 42, 2023.

Endringar i vekeprogrammet

På grunn av endringar i politisk leiing i UD, er ikkje vekeprogrammet for utanriksministeren lenger oppdatert.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksminister Anniken Huitfeldt 

Måndag 16. oktober – 18. oktober

Utanriksministeren er i Algerie. Ho skal delta på eit nordisk-afrikansk utanriksministermøte og treffe representantar for algeriske styresmakter. Stad: Alger, Algerie.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 19. oktober – 20. oktober

Utanriksministeren deltek på Arctic Circle Assembly. Stad: Reykjavik, Island.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim

Måndag 16. oktober

Kl. 08.00: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på eit frukostseminar om internasjonal mattryggleik på Kulturhuset i Oslo. Arrangør er NMBUs «Arena for Bærekraftige Matsystemer» og FORUM for Utvikling og Miljø. 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Tysdag 17. oktober

Kl. 12.00: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim er på TV-aksjonen sin «næringslivsdugnad» for årets arrangør, Redd Barna. Stad: Deichman Bjørvika.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 19. oktober

Kl. 12.25: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på ei markering av Kronprinsens 20-årige engasjement for FNs utviklingsprogram (UNDP) i Trondheim.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Fredag 20. oktober

Kl. 15.00: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim har eit møte med Terje Osmundsen, grunnleggar og direktør i Empower New Energy, på sitt kontor.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Eivind Vad Petersson

Måndag 16. oktober – 17. oktober

Statssekretær Eivind Vad Petersson er i Sverige og i Moldova. I Stockholm skal han ha møte med representantar for det svenske utanriks- og forsvarsdepartementet. I Chişinău skal han delta i eit høgnivåforum, «Moldova Support Platform». Vad Petersson skal òg ha møte med Moldova sin energiminister og ein av rådgivarane til presidenten.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Tysdag 18. oktober

Kl. 10.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson har eit telefonmøte med den svenske statssekretæren Christian Danielsson, som har ansvar for EU-sakar. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 11.30: Statssekretær Eivind Vad Petersson har eit møte med Deputy National Security Advisor for International Economics, Mike Pyle frå USA. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 19. oktober

Kl. 10.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson har eit møte med Storbritannias Europaminister, Leo Docherty. Stad: Hjemmefrontsmuseet, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik

Måndag 16. oktober

Kl. 13.00: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik møter leiaren for FN sitt kontor for menneskerettar i Colombia, Juliette Rivero. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 18. oktober

Kl. 13.50: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik deltek i ein panelsamtale under «NTNU and SINTEF European Strategy Summit 2023». Stad: Sintef sine lokalar, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 19. oktober

Kl. 17.00: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik deltek på Anna Politkovskaja-seminaret. Stad: Litteraturhuset, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Bjørg Sandkjær

Sundag 15. oktober - 16. oktober

Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på World Health Summit i Berlin og FNs befolkningsfond (UNFPA) si lansering av «The Equity 2030 Alliance».

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 19. oktober – 20. oktober

Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på deltek på De forente nasjoners økonomiske kommisjon for Europa (UNECE) sin regionkonferanse ICPD30 – «Population and Development: Ensuring Rights and Choices» i Genève, Sveits.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.