Presseinformasjon:
Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 43
Pressemelding | Dato: 17.10.2025 | Utanriksdepartementet
Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 43, 2025.
Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar blir kunngjorde i kalenderen på regjeringa.no.
Utanriksministeren og utviklingsministeren har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Utanriksministeren har i tillegg audiens hos kongen på Slottet kvar veke og jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Utanriksminister Espen Barth Eide
Onsdag 22. oktober
Kl. 08.00: Utanriksminister Espen Barth Eide har eit møte med ukrainske kyrkjeleiarar.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Torsdag 23. oktober
Kl. 08.30: Utanriksminister Espen Barth Eide har eit møte med Stortinget sitt europautval.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Fredag 24. oktober
Kl. 12.20: Utanriksminister Espen Barth Eide har ein arbeidslunsj med utanriksminister Winston Peters frå New Zealand.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Utviklingsminister Åsmund Aukrust
Tysdag 21. oktober
Utviklingsminister Åsmund Aukrust er i Kristiansand der han besøker ARKIVET freds- og menneskerettighetssenter, held eit innlegg på Universitetet i Agder og har eit møte med Strømmestiftelsen.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Onsdag 22. oktober
Kl. 10.00: Utviklingsminister Åsmund Aukrust held, saman med statssekretær Vevle i arbeids- og inkluderingsdepartement, eit informasjonssmøte for sivilt samfunn i høve Verdas sosiale toppmøte (WSSD2) som finn stad i Doha, Qatar i november. Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Fredag 24. oktober
Kl. 09.00: Utviklingsminister Åsmund Aukrust held eit innlegg om FN og fredsarbeid for elevar frå Oslo-skulen i høve FN-dagen. Stad: Oslo rådhus.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik
Fredag 24. oktober
Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik møter Dr. Mohammed bin Abdulaziz Al Khulaifi, Minister of State, Qatar. Stad: Doha, Qatar
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Stine Renate Håheim
Tysdag 21. oktober
Kl. 10.00: Statssekretær Stine Renate Håheim har eit møte med Jane Halton, styreleiar i Coalition for Epidemic Preparedness Innovations (CEPI). Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.