Presseinformasjon:
Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 46
Pressemelding | Dato: 07.11.2025 | Utanriksdepartementet
Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 46, 2025.
Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar blir kunngjorde i kalenderen på regjeringa.no.
Utanriksministeren og utviklingsministeren har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Utanriksministeren har i tillegg audiens hos kongen på Slottet kvar veke og jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Utanriksminister Espen Barth Eide
Måndag 10. november til 12. november
Utenriksminister Espen Barth Eide besøker Beijing 10.–11. november og Singapore den 12. november.
Utviklingsminister Åsmund Aukrust
Måndag 10. november
Kl. 13.00: Utviklingsminister Åsmund Aukrust har, saman med statssekretær Stine Renate Håheim, eit innspelsmøte med norske tankesmier om ny norsk utviklingspolitikk. Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Tysdag 11. november
Kl. 11.15: Utviklingsminister Åsmund Aukrust held eit innlegg på seminaret «SRHR - How to continue the progress in a war-torn and changing world?», arrangert av Sex og politikk.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Fredag 14. november
Kl. 08.30: Utviklingsminister Åsmund Aukrust deltek i ein debatt om likestilling i norsk bistand på eit frukostmøte arrangert av Misjonsalliansen. Stad: Storgata 51, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Astrid Bergmål
Måndag 10. november
Kl. 10.00: Statssekretær Astrid Bergmål deltek på Digitalt Europeisk forum, der ho skal halda avslutningsinnlegget.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Onsdag 12. november
Kl. 08.30: Statssekretær Astrid Bergmål drar til Bodø for å delta på «Euro-Arctic Assembly». Ho skal og dela ut Barents kulturpris.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Torsdag 13. november
Kl. 10.00: Statssekretær Astrid Bergmål deltek på eit dialogmøte med EØS-koordineringsteamet i NHO. Stad: Næringslivets hus.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Fredag 14. november
Kl. 12.00: Statssekretær Astrid Bergmål deltek på ein NB8-lunsj hos den estiske ambassadøren, Piia Mathisen i Oslo. Stad: Estiske ambassaden.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik
Måndag - Fredag
Kl. 10.00: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik reiser til New York for bilaterale samtalar. Stad: New York, USA
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Eivind Vad Petersson
Måndag 10. november til onsdag 12. november
Statssekretær Eivind Vad Petersson reiser til Moldova og Romania for bilaterale samtalar. Stad: Chisinau og Bucuresti.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Fredag 14. november
Kl. 12.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson møter Offshore Norge om EUs oppdaterte Arktiske strategi. Stad: UD, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Stine Renate Håheim
Måndag 10. november
Kl. 13.00: Statssekretær Stine Renate Håheim har, saman med utviklingsminister Åsmund Aukrust, eit innspelsmøte med norske tankesmier om ny norsk utviklingspolitikk. Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Tysdag 11. november
Kl. 10.15: Statssekretær Stine Renate Håheim har eit møte med FN-organisasjonen for palestinske flyktningar i Midtausten (UNRWA) sin visegeneralkommissær Natalie Boucly. Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Onsdag 12. november
Kl. 08.45: Statssekretær Stine Renate Håheim held ei innleiing under Utanriksdepartementet og UN Women si lansering av rapporten «Gender Snapshot». Stad: Litteraturhuset, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Kl. 13.00: Statssekretær Stine Renate Håheim har eit møte om lokalt leia utvikling med NGO-nettverket ICVA sin leiar, Jamie Munn. Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.