Presseinformasjon:
Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 8
Pressemelding | Dato: 13.02.2026 | Utanriksdepartementet
Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 8, 2026.
Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar blir kunngjorde i kalenderen på regjeringa.no.
Utanriksministeren og utviklingsministeren har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Utanriksministeren har i tillegg audiens hos kongen på Slottet kvar veke og jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Utanriksminister Espen Barth Eide
Måndag 16. februar
Kl. 15.00: Utanriksminister Espen Barth Eide har eit møte med Det mosaiske trossamfunn.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Onsdag 18. februar
Kl. 11.00: Utanriksminister Espen Barth Eide er i Stortinget i samband med den ordinære spørjetimen. Stad: Stortinget, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Torsdag 19. februar
Kl. 11.30: Utanriksminister Espen Barth Eide deltek på ein arbeidslunsj med presidenten i Det europeiske råd, António Costa. Dei skal òg ha eit møte med FFI på Kjeller seinare på dagen.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.