Presseinvitasjon:
Utgreiing om rovviltforvaltning og samisk reindrift
Nyheit | Dato: 03.03.2026 | Klima- og miljødepartementet
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen tek imot utgreiinga «Rovviltforvaltning og samisk reindrift: Noregs folkerettslege forpliktingar» frå ekspertutvalet som har vurdert Noregs plikter etter Bernkonvensjonen og urfolksretten.
Ekspertutvalet blei sett ned i desember 2024 av Klima- og miljødepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet. Utvalet har bestått av professor emeritus Geir Ulfstein ved Universitetet i Oslo (leiar), Jon Gauslaa, leiar for Finnmarkskommisjonen, og professor Christina Voigt ved Universitetet i Oslo. Arbeidet er ei oppfølging av eit tiltak i regjeringa si tiltakspakke for reindrift og energi frå desember 2023.
Utvalet har fått i oppdrag å gjere greie for gjeldande rett etter Bernkonvensjonen og overfor reindrifta, vurdere forholdet mellom dei ulike folkerettslege forpliktingane og sjå på om Noregs forpliktingar etter folkeretten krev eller opnar for endringar i det nasjonale regelverket for forvaltninga av rovvilt.
Tid: 05.03.2026 kl. 12.00–12.45
Sted: Deltakelse via Teams, eller ved oppmøte hos Klima- og miljødepartementet i Kongens gate 20, Oslo
Påmelding nødvendig.
Meld deg på til: Kari Asheim, epost kari.asheim@kld.dep.no